Kjempeblekksprut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjempeblekksprut


Kjempeblekksprut
Fantasifull teikning av ein kjempeblekksprut i ferd med å bli fanga av eit dampskip

Systematikk
Slekt: Architeuthis/Mesonychoteuthis

Som namnet fortel, er dei tiarma kjempeblekksprutane (blekksprutar av slektene Architeuthis og Mesonychoteuthis) dei største av alle dei virvellause dyra. Med over 8 m lange tentaklar og augo så store som fotballar har dei utvilsomt vore inspirasjon til mange skipperskrøner om samanstøytar med havuhyre. Men så vidt vi veit, hadde ingen menneske nokonsinne sett ein levande kjempeblekksprut før 30. september 2004, då nokre forskarar frå Japan tok 556 undervassfotografi av eit eksemplar av ein Architeutis-blekksprut.

Kjempeblekksprutar lever i alle verdshava, men dei største (Mesonychoteuthis) finst berre i og omkring Sørishavet. Frå eksemplar som er fanga i garn eller som er skylt i land på strender, veit vi at kjempeblekkspruten kan bli minst 12 m lang og at han har eit stort, hardt nebb.

At kjempeblekkspruten eksisterer i store mengder, har lenge vore heva over tvil, for han er omtrent det einaste kaskelotten (spermasettkvalen), som er eit endå større dyr og krev mykje mat, et.

Nebbet er den einaste delen av dette blautdyret som kaskelotten ikkje greier å melte. Difor samlar det seg etter kvart mange nebb i tarmkanalen på kvalen, der dei blir innkapsla i ein voksaktig substans som kan passere gjennom tarmsystemet på kvalen utan å gjere skade. Ein trur at all ambra er blitt til slik; på grunn av kjempeblekksprutnebb i spermasettkvalmagar.

Den 22. februar 2007 vart eit eksemplar som vog 495 kg og hadde mellom 30 cm og 40 cm store augo, fiska av ein fiskebåt i Rosshavet og frakta til Museum of New Zealand Te Papa Tongarewa for dissekering. Dette er den største heile kjempeblekkspruten som er målt, men nebbet var langt mindre enn somme som er funne i kaskelottmagar, så det finst kanskje endå større eksemplar nede i havdjupet.