Kjempetreveps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjempetreveps
Kjempetreveps
Kjempetreveps
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Familie: Siricidae
Slekt: Urocerus
Art: Kjempetreveps U. gigas
Vitskapleg namn
Urocerus gigas

Kjempetreveps er ein av bartrevepsane (Siricidae) og lever helst i skog med bartre. Kjempetrevepser er store vepser med eit kraftig eggleggingsrør (brodd). Men dei er heilt ufarlege. Dei stikk ikkje og har heller ikkje gift. Når dei flyr kan ein høyre ein tydeleg summing.

Det hendar at kjempetrevepsen flyr i bebudde område utpå seinsommaren, og er difor ofte å sjå i dagspressen som «Kva er dette?» Grunnen er at dei kan vere klekt frå ved, eller at hoer ofte flyr over større område og leitar etter ein stad å leggja egg.

Kjempetreveps lever i symbiose med ein tredrepande sopp, som bidreg til å bryte ned treet, slik at larven lettare kan gnage.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Dette usedvanlege store insektet med svarte og gule signalfargar kan virke skremmande på folk som ikkje veit at kjempetrevepsen er heilt ufarleg. Inntrykket vert forsterka av den grove summelyden som grensar mot klapring når dei flyr.

Kroppen er sylindrisk, utan ein innsnørt «midje». Hoene er mellom 24 og 44 millimeter og har ein mørk kropp med gule flekkar på bakkroppen. Eggleggingsrøyret er kraftig. Det er gul-brun, men mørkt ut mot tuppen. Hannen er mindre enn hoene, berre mellom 12 og 32 millimeter.

Vingane er svakt røykfarga. Beina er gule, bortsett frå at låra (femur) er mørke. Hovudet er breiast bak augo, og er svart med ein stor gul flekk bak kvart auge. Antenna er trådforma, gul av farge.

Hoer har i bakkroppen, nokon beholdarar (mycetangier), med slim. Dette slimet har soppsporar, og litt av det blir lagt saman med egga.

Kroppen til larva er avlang og avrunda kvadratisk i tverrsnitt, den manglar bukføtar og beina er svært korte.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Kempetreveps finst i open barskog. Dei oppsøkjer ofte hogstfelt. Hannar byrjar ofte å fly nokre dagar tidlegare enn hoene. Flygetida er frå juli til september, på solskinnsdagar. Vanlegvis er det hoer ein ser, hannar ser ein sjeldnare.

Kvar hoe legg noko mellom 50 og 350 egg. Dersom ho legg ubefrukta egg vil dei klekke som hannar. Hoene legg egg i nyleg felte grantre utan bark, eller levande tre som allereie er sjuke. Ho veljer helst vanleg gran, lerketre, furu eller edelgran. Egga vert lagt i gruppe på 4-8 egg, mellom 5 og 10 millimeter inn i treet. Etter egglegginga vert egga dekka med eit slim som inneheld ein tredrepande sopp.

Larven er radikalt ulike frå dei vaksne, både i levevis og i kroppsbygging. Dei gneg i treet og sopp følgjer etter. Soppen bryt ned treverket, noko som gjev larven lettare tilgong på næringa, som er trefiber og sopphyfer. Etterkvart som larven gneg utvidar gangen seg i bredde. Bak larven ligg det igjen trespon og avføring. Like før puppestadiet lager larven eit lite puppekammer nokre centimeter inn i treet.

Kjempetreveps tilhøyrer gruppa av insekter med fullstendig omvandling (holometabole insekter), som gjennomgår ein metamorfose i løpet av utviklinga. Mellom larvestadiet og det vaksne stadiet er eit puppestadium, det er ei kvileperiode der indre og ytre organ av vepsen vert endra. Larvens bøyelege og mjuke kropp blir omdanna til ein puppe med eit hardt skal. Når skalet er blitt hardt byrjar omdanninga frå larve til den vaksne (imago) barvepsen. Dei indre organ vert brote i varierande grad ned til ein celllemasse. Ein omorganisering skjer og dyret byggast opp igjen. Puppeperioden varierar etter temperaturen. Heile utviklinga frå egg til vaksen tar 2-3 år.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Kjempetreveps er stort utbredt og finst i store delar av Sør- og Nord-Amerika, Europa, Asia og Nord-Afrika. Finnes også i Noreg.

Systematisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kjempetreveps er ein av plantevepsene. I nyare systematikk vert ofte gruppa plantevepser rekna som ein parafyletisk gruppe, sidan dei truleg har gjeve opphav til stilkvepser.

Treliste
  • Vepser (Veps, humler og maur) (Hymenoptera)
    • delgruppe plantevepser (Symphyta) [parafyletisk]
      • overfamilie Siricoidea
        • familie bartrevepser (Siricidae)
          • slekt Urocerus
            • Kjempetreveps (Urocerus gigas Linnaeus, 1758)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Kjempetreveps» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2023.
  • Sømme, Laurits 2001. Insekter. (Original: McGavin, George C. 2000.) Insects, spiders and other terrestical arthropods.) N. W. Damm & Søn AS. ISBN 92-77-0268-88265 og ISBN 92-87-0267-0266-0