Kjersti Alveberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjersti Alveberg

Kjersti Alveberg (fødd 26. juli 1948) er ein norsk koreograf og dansar fødd i Oslo som har vunne ei rekkje norske og internasjonale prisar. Gjennom karrieren sin har ho vore dansar og koreograf i fleire frie dansegrupper, og som dansar har ho særleg arbeidd for Det Norske Teatret.

Alveberg debuterte som koreograf ved Den Norske Nasjonalballett i 1975 og fekk særleg merksemd for frå 1984, som ho året etter fekk Ballettkritikarprisen for. Ho fekk også mykje merksemd for den fyrste heilaftans balletten sin, Volven frå 1989. Ballettane til Alveberg inneheld ofte humor. Utdanninga si har ho frå Ballettinstituttet i Oslo og frå New York, Amsterdam, Paris og London. I tillegg er ho cand.mag. frå Universitetet i Oslo.

Kjersti Alveberg har også laga fleire produksjonar for fjernsyn, der den mest kjende nok er Aske, skodde, støv for vinden (1986) som ho året etter fekk Amanda-prisen for. Av nyare arbeid ho har gjort som koreograf kan ein nemne Nett no! på Det Norske Teatret i 2002, Hysj! som vart laga til opninga av Nasjonalbiblioteket i 2005 og @lice for Rikskonsertane i 2008.

I 2005 gav ho ut boka Visjoner – øye på dans, der ho fortel om livet sitt som koreograf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Alveberg, Kjersti» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]