Knoppsvane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Knoppsvane

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Cygnus olor
Cygnus olor

Systematikk
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Cygnus
Vitskapleg namn
Cygnus olor
Knoppsvane
Namn på andre språk
Nordsamisk Boallonjukča
Svensk Knölsvan
Dansk Knopsvane
Engelsk Mute Swan
Tysk Höckerschwan
Fransk Cygne tuberculé, cygne muet
Spansk Cisne común, cisne mudo, cisne blanco
Russisk Lebed-sjipun (Лебедь-шипун)

Knoppsvane (Cygnus olor) er ein trekkfugl i andefamilien som hekkar i Noreg. Svana er kvit med ein svart flekk ved nebbrota. Nebbet er gulraudt med ein kraftig nebbknute. Fuglen kan verte 152 cm lang. Den lange halsen gjer at dei kan beite ned til ein meter under vassyta. Dei beiter og på land. Føda er mest algar og vassplantar.

Ein finn knoppsvaner frå Vest-Europa og flekkvis austover til Kina. Utsetting har ført til førekomstar på fleire kontinent. Den norske bestanden stammar truleg frå utsette fuglar. Første påviste hekking i Noreg var i Rogaland i 1926. I 1971 var hekkebestanden 25 - 30 par og i 1990 om lag 450 par. Talet på fuglar ser framleis ut til å auke. Knoppsvana hekkar i låglandet på Austlandet og langs kysten til Rogaland.

Knoppsvana legg reiret i tett vegetasjon eller på små holmar. Dei 5 til 9 grågrøne egga er opp til 124 mm lange. Båe fuglane rugar i om lag 5 veker. Ungane sym me foreldra kort etter klekkinga. Dei er flygedyktige etter 4 - 5 månader.

Knoppsvana held seg ofte nær reirplassen heile året. Dette gjeld særleg fuglar i Rogaland. Lenger aust trekker dei delvis til Danmark om vinteren. Dei vender oftast attende til same reirområde så snart isen er borte.

Eldste fuglen ein kjenner til etter ringmerking i Noreg er 17 år og 7 månader.

Mange knoppsvaner misser livet ved samanstøyt med elektriske leidningar.

Knoppsvana er kjelda til myten om svanesongen når ho døyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk RingmerkingsAtlas. Volum 2. Stavanger 2006. ISBN 82-90054-65-3
  • Norges dyr. Bind VI. J.W.Cappelens forlag 1972