Koloniseringa av Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Afrika frå 1812.

Koloniseringa av Afrika var ein gradvis prosess som må sjåast i samanheng med den generelle utviklinga i Europa. Etter kvart som dei europeiske statane voks seg større og rikare auka òg interessa for luksusvarer og andre sjeldne råvarer. På grunn av at det rundt slutten av mellomalderen var mange oppdagingsreiser til Afrika, vart ein kjent med nye stadar der ein kunne få tak i råvarer.

I byrjinga var ein nøgd med å berre henta ut ressursar (plyndra) og henta ut billig arbeidskraft (slaveri). For å få det meir organisert, og få litt meir prestisje i det, byrja fleire land med ein overgang frå økonomiske intereser til strategisk okkupasjon. Der det før hadde vore hamnebyar og fort utvikla desse deg etter kvart til kolonihovudstadar.

Dei europeiske stormaktene konkurrerte til slutt om å ha flest koloniar. Storbritannia freista å få koloniar frå nord til sør, medan Frankrike gjekk inn for å okkupera landområde frå vest til aust i Afrika.

Koloniæraen varte heilt opp til vår tid, det var først på 50-, 60- og 70-talet at dei fleste koloniane i Afrika fekk sjølvstende. Berre eitt land er framleis okkupert av ei framand makt, Vest-Sahara, som vart okkupert av MarokkoSpania trekte seg ut.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.