Korjakia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Korjakskij avtonomnyj okrug
(fram til 1. juli 2007)

   
Korjakia sitt flagg
Korjakia sitt våpen
Flagg Våpen
Korjakia på kartet over Russland
Hovudstad Palana
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 17.

301 500 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 87.

ca. 23 800 (2005)
ca. 0,08/km²

Føderalt distrikt Fjerne Austen
Økonomisk region Fjerne Austen
Regionsnummer 82
Offisielt språk Russisk
Guvernør Oleg Nikolajevitsj Kozjemjako
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +1200

Korjakia (russisk Корякский автономный округ) var fram til 1. juli 2007 eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det var del av Kamtsjatka oblast, men samstundes eit av dei 88 føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. 1. juli 2007 vart distriktet slått saman med Kamtsjatka oblast til den nye eininga Kamtsjatka kraj. Samanslåinga vart godkjend i ei folkerøysting 23. oktober 2005. Korjakia er no eit distrikt i Kamtsjatka kraj. Hovudstaden er Palana, arealet er 301 500 km² og innbyggjartalet er 18 800 (2010)[1].

Korjakia ligg heilt aust i Russland, nord på stillehavskysten. Distriktet omfattar dei nordlegaste delane av Kamtsjatkahalvøya og dei nærliggande delane av fastlandet. På vestsida ligg Okhotskhavet og på austsida Beringhavet. Regionen er berglendt, høgste punktet er fjellet Ledjanaja, 2562 meter over havet. Fjellområda inneheld store mineralressursar som enno er lite utnytta, mellom anna kol, gull og platina. Middeltemperaturen i januar er - 17 grader celsius, i juli + 14 grader celsius.

Korjakia har ingen stader med bystatus. 26,5 % av folket bur i tettbygde område. Den etniske samansetjinga er:

Dei første russarane kom til området rundt midten av 1600-talet. Russisk busetjing i området kom ikkje før på 1800-talet. I 1927 budde om lag 11 000 menneske i det som no er Korjakia, av dei var berre 14 % russarar, og 60 % korjakar. 10. desember 1930 vart regionen Korjakia oppretta, som Den korjakiske nasjonale krins. Industriell utnytting av naturressursane i området tok til etter den andre verdskrigen, og korjakane vart ein minoritet. I 1990 budde det 45 000 menneske i Korjakia. Etter oppløysinga av Sovjetunionen har folketalet gått dramatisk ned, og var i 2010 berre 42 % av det det var i 1990. Korjakia fekk status som føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen, men i 2005 gjekk eit fleirtal inn for samanslåing av Korjakia og Kamtsjatka oblast til Kamtsjatka kraj. Dette vart gjennomført 1. juli 2007.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den russiske folketeljinga i 2010 på russisk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]