Kornsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kornsporv

Status i verda: LC Livskraftig[1]
Status i Noreg: EX Forsvunnen

Emberiza calandra
Emberiza calandra

Systematikk
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Emberizidae
Slekt: Emberiza
Vitskapleg namn
Emberiza calandra

Kornsporv (Emberiza calandra) er ein 19 cm lang fugl i busksporvfamilien. Kornsporv er ein brunleg, tjukkvoren fugl kjenneteikna av at han flyg med føtene hengjande ned. Ein ser han ofte sitjande på ein stolpe eller ei line.[2]

Kornsporv lever hovudsakleg som standfugl, men fuglar i kalde strøk kan trekka til varmare område om vinteren. Kornsporv finst frå Kanariøyane i vest og til Iran og Irak i Asia, med bestandar i store delar av Europa og Nord-Afrika. Tap av habitat har ført til kraftig tilbakegang i Nordvest-Europa, og han er no rekna som utrydda i Irland og Noreg.[3][4]

Songen til ein kornsporvhann.
Emberiza calandra

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Kornsporv held til i opent lende med tre, gjerne nær dyrka mark eller i opne ugrasområde. Intensivt jordbruk har ført til mindre tilgang på frø og insekt, og har gjeve arten tilbakegang fleire stader.[5] I Storbritannia arbeider ein aktivt for å stoppa nedgangen ved å oppmuntra bønder til å leggja betre til rette for kornsporv og andre gardsfuglar.[6]

Teikning av kornsporv.

På Irland var kornsporv tidlegare utbreidd, men siste hekking der blei påvist i 1992.[3] I Noreg har kornsporv hekka på Jæren i Rogaland og på Lista i Vest-Agder. På 1970-talet hadde ein dei siste teikna på hekking i Noreg, og arten er dermed blitt rekna som utrydda. På 2000-talet fekk ein påvist hekking på Jæren att, men ikkje av mange nok fuglar eller i nok samanhengande år til at ein kunne rekna arten som gjenetablert.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.iucnredlist.org/apps/redlist/details/149676/0
  2. Corn bunting ved rspb.org
  3. 3,0 3,1 BIODIVERSITY THAT HAVE BECOME EXTINCT IN IRELAND, noticenature.ie, Department of the Environment, Heritage and Local Government (Ireland); Call for action for Irish birds, October 24, 2008, Surfbirds News
  4. 4,0 4,1 RE Emberiza calandra
  5. Corn buntings and cereal harvesting on the Uists ved rspb.org.uk; Corn Bunting Solution Testing ved rspb.org.uk
  6. Corn bunting BAP report ved rspb.org.uk; Farming for birds ved naturalengland.org.uk
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.