Kortnebbdvergrugde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kortnebbdvergrugde

Status i verda: VU Sårbar

Kortnebbdvergrugde
Kortnebbdvergrugde

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Coenocorypha
Art: C. pusilla
Vitskapleg namn
Coenocorypha pusilla
Buller, 1869

Kortnebbdvergrugde (Coenocorypha pusilla) er ein vadefugl i snipefamilien, Scolopacidae, med utbreiing avgrensa til Chathamøyane, New Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kortnebbdvergrugda er den minste dvergrugda, ei lita, kompakt snipe, ca. 20 centimeter lang med kroppssvekt på 80 gram. Nebbet er ca. 3 cm, beina er korte. Fjørdrakta er alt i alt i brunt, nedre del av brystet og buken manglar markeringar og er einsfarga lys. Elles er utsjånaden mykje som hos langnebbdvergrugde. Kortnebbdvergrugda held seg i skjul under vegetasjon på dagtid og flyttar ut i meir opne område om natta, dei flyg sjeldan om dei ikkje gjer fluktspel eller blir uroa.

Dietten består av virvellause dyr som meitemark, amfipoder, vaksne insekt og larver. Dei beitar ved å søkje med nebbet i jordsmonn og planterestar.

Reirplassen ligg i område med grasliknande plantar eller bregnar. Reira er enkle, grunne senkingar i nedfallsblad, gras eller bregnar. Kullet er på 2, nokre gonger 3 egg. Begge foreldra deltar i ruging og etter klekkinga deler dei kullet og tar ansvar for ein (to) unge kvar. Ungen blir fôra første tida og blir sjølvstendig etter ca. 6 veker.

Bestanden er estimert til 2 700-3 300 individ (1996), og er trudd å vere stabil.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kortnebbdvergrugde