Snipefamilien
| Snipefamilien | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Scolopacidae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Scolopacidae | ||
Snipefamilien er ein stor biologisk familie Scolopacidae av små til mellomstore vadefuglar med kosmopolitisk utbreiing. Dei omfattar flest artar med fellesnamnet sniper, dessutan steinvendarar, spovar, bekkasinar, rugder og symjesniper. Dei fleste av desse artane et små virvellause dyr plukka ut av gjørme eller jord. Ulike nebb frå art til art gjer det mogleg for fuglar av mange artar å beite i same habitat, særleg på kysten, utan direkte konkurranse om føda mellom artane.
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Sniper lever i strandsoner, langs kystar og i våtmarker. Berre få artar er tilpassa tørrare habitat. Kjenneteikna er generelt relativt lange bein og ofte middels til lange nebb for å søkje føde i jord, gjørme, tang eller under steinar. Dei lever av makk, blautdyr, krepsdyr, småfisk, insekt og insektlarver, og dels av føde frå planter. To symjesnipartar lever pelagiske utanom hekkesesongen. Nebba hos mange er kjenslevare, slik at fuglane føler seg fram når dei søkjer etter mat. Dei fleste artane har tynnt nebb, men elles er nebbform og lengd ganske variabel.
Sniper varierer i storleik frå pygmésnipe, på så lite 11 centimeter og 18 gram, til austspove, som kan bli opptil 66 centimeter i lengd og veie 1 kg. Dei har generelt lite iaugefallande fjørdrakter, med kryptiske brun, grå eller stripa mønster, sjølv om nokre viser klårare farger i hekkesesongen.[1]
Mange artar hekkar på opent land og på den arktiske tundraen i Nord-Europa og Sibir, i resten av Europa finn ein sniper berre under fugletrekk og om vinteren i tette flokkar ved kysten og i våtmarker.
Dei fleste artane hekkar i opne område, og forsvarer territoria sine frå lufta. Reiret i seg sjølv er ei enkel grop i bakken der fuglen typisk legg tre eller fire kamuflasjefarga, konisk til ovalforma egg. Ungane av dei fleste artane er mykje utvikla ved klekking.[1] Ungane forlèt reiret raskt og søkjer sjølv føde, men ein eller begge foreldre er i nærleiken for å overvake og å varme ungane. Hos dei fleste artane er begge foreldra involverte i omsut for egg og ungar. Blant unntaka, der berre hoa tar omsut for egg og ungar, er brushane. Og hos symjesnipene er rollene snudd. Her vil berre hannane ruge egga og deretter ha omsut for ungane.
Artslista [endre]
Snipefamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]
Slekt Xenus
- Tereksnipe, Xenus cinereus
Slekt Actitis
- Strandsnipe, Actitis hypoleucos
- Flekksnipe, Actitis macularius
Slekt Tringa
- Skogsnipe, Tringa ochropus
- Eremittsnipe, Tringa solitaria
- Sibirvandresnipe, Tringa brevipes
- Alaskavandresnipe, Tringa incana
- Sotsnipe, Tringa erythropus
- Plystresnipe, Tringa melanoleuca
- Gluttsnipe, Tringa nebularia
- Sakhalinsnipe, Tringa guttifer
- Willetsnipe, Tringa semipalmata
- Gulbeinsnipe, Tringa flavipes
- Damsnipe, Tringa stagnatilis
- Grønstilk, Tringa glareola
- Raudstilk, Tringa totanus
Slekt Prosobonia
- Tuamotusnipe, Prosobonia cancellata
Slekt Bartramia
- Præriesnipe, Bartramia longicauda
Slekt Numenius
- Dvergspove, Numenius minutus
- Eskimospove, Numenius borealis
- Småspove, Numenius phaeopus
- Alaskaspove, Numenius tahitiensis
- Austspove, Numenius madagascariensis
- Smalnebbspove, Numenius tenuirostris
- Storspove, Numenius arquata
- Langnebbspove, Numenius americanus
Slekt Limosa
- Svarthalespove, Limosa limosa
- Svartvengspove, Limosa haemastica
- Lappspove, Limosa lapponica
- Kanelspove, Limosa fedoa
Slekt Arenaria
- Steinvendar, Arenaria interpres
- Svartsteinvendar, Arenaria melanocephala
Slekt Aphriza
- Brottsnipe, Aphriza virgata
Slekt Calidris 19 artar av typiske sniper
Slekt Eurynorhynchus
- Skeisnipe, Eurynorhynchus pygmeus
Slekt Limicola
- Fjellmyrløpar, Limicola falcinellus
Slekt Tryngites
- Rustsnipe, Tryngites subruficollis
Slekt Philomachus
- Brushane, Philomachus pugnax
Slekt Limnodromus
- Kortnebbekkasinsnipe, Limnodromus griseus
- Langnebbekkasinsnipe, Limnodromus scolopaceus
- Asiabekkasinsnipe, Limnodromus semipalmatus
Slekt Coenocorypha
- Kortnebbdvergrugde, Coenocorypha pusilla
- Coenocorypha huegeli, manglar norsk namn
- Langnebbdvergrugde, Coenocorypha aucklandica
Slekt Lymnocryptes
- Kvartbekkasin, Lymnocryptes minimus
Slekt Gallinago, 17 bekkasinar
Slekt Scolopax
- Rugde, Scolopax rusticola
- Amamirugde, Scolopax mira
- Bukidnonrugde, Scolopax bukidnonensis
- Jungelrugde, Scolopax saturata
- Sulawesirugde, Scolopax celebensis
- Molukkrugde, Scolopax rochussenii
- Amerikarugde, Scolopax minor
Slekt Phalaropus
- Kvithalesymjesnipe, Phalaropus tricolor
- Symjesnipe, Phalaropus lobatus
- Polarsymjesnipe, Phalaropus fulicarius
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen starta med omsett stoff frå «Sandpiper» frå Wikipedia på engelsk, og frå «Schnepfenvögel» frå Wikipedia på tysk, den 20. juni 2011
Referansar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Harrison, Colin J.O. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 103–105. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)