Langnebbdvergrugde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Langnebbdvergrugde

Status i verda: NT Nær truga


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Coenocorypha
Art: C. aucklandica
Vitskapleg namn
Coenocorypha aucklandica

Langnebbdvergrugde (Coenocorypha aucklandica) er ei dvergrugde i snipefamilien, Scolopacidae. Ho er endemisk til dei subantarktiske øygruppene Antipodesøyane og Aucklandøyane, og Campbelløyane, alle innanfor territoriet til New Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Langnebbdvergrugda er ein liten, tettbygd vadefugl, ca. 23 centimeter lang med kroppssvekt på 105 gram. Hoa er litt større enn hannen. Nebbet er ca. 5 cm, brunt og litt nedbøygd i enden, beina er korte. Fjørdrakta er alt i alt i brunt, med rike spragler, på oversida er fjørene mørke med lysare kantar. Dei har ei tydeleg lysare brungul sentral stripe frå panna til nakken, og lang brungul augebrynstripe, mørkare augestripe, og bleik, brungul kinnflekk. Langnebbdvergrugda flyg under fluktspel og om dei blir forstyrra, elles held deg seg på bakken.

Hannar har eit lågmælt rop med gjentatte 'trerk' varierande med 'kiju', av og til fluktspel om natta med eit ikkje-vokal fløytelæte lagd av vibrerande halefjører når lufta passerer gjennom dei spreidde fjørene under korte stup.

Habitatet deira ligg i tett vegetasjon på små øyar. Om natta kan dei flytte seg til meir opne område. På Aucklandøyane finst dei på Adams Island og andre mindre øyar, men ikkje på hovudøya som har kattar og griser. Dei har levd på Jacquemart Island rett utanfor Campbelløya, men er no innført på hovudøya etter at rotter blei utrydda i 2001.[1]

Dietten består av virvellause dyr som meitemark, tanglopper, vaksne insekt og larver. Dei beitar i område med grastuer og kratt.

Reirplassen ligg i område med grasliknande plantar eller bregnar. Reira er enkle, grunne senkingar i nedfallsblad, gras eller bregnar. Kullet er på 2 egg, lagt med tre dagars intervall. Begge foreldra deltar i ruging og klekkinga skjer etter ca. 22 dagar. Kvar forelder tar seg av ein unge, og ungen blir fôra første tida og blir sjølvstendig etter ca. 9 veker. Dei fleste er 2-3 år nå dei får hekketerritorium.

Arten har status som nær truga, og bestanden er estimert til ca. 29 000 individ (1996), og er trudd å vere stabil.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Miskelly, Colin (2006). «Campbell Island snipe (Coenocorypha undescribed sp.) recolonise subantarctic Campbell Island following rat eradication». Notornis 53 (4): 353-359. 
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Langnebbdvergrugde