Kotorbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kotorbukta
Kart over Kotorbukta
Domkyrkja St. Tripun i Kotor
Dei to øyane utanfor Perast

Kotorbukta (serbisk Бока которска, Boka kotorska; kroatisk Boka Kotorska; italiensk Bocche di Cattaro) er ei bukt sørvest i Montenegro i Adriahavet. Bukta vert stundom kalla den sørlegaste fjorden i Europa, men er i røynda ei oversvømd kløft danna av elva Bokelj som brukte å renne ned frå dei høge platåa på fjellet Orjen. Bukta er ein viktig turistdestinasjon i Montenegro.

Bukta har vore busett sidan antikken og nokre godt bevarte mellomalderbyar ligg ved kysten. Dei vakre byane Kotor, Risan, Tivat, Perast og Herceg Novi, i lag med den vakre naturen kring dei, er alle store turistattraksjonar.

Den religiøse arva som finst rundt bukta, dei mange ortdokse og romersk-katolske kyrkjene og klostra, har gjort området til ein stor pilegrimsstad i regionen.

Montenegro har planar om å byggje ei bru over Kotorbukta, den såkalla Verige-brua.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den nærliggjande grenda Risan (Risano) var ein blømande illyrisk by kalla Rhizon så tidleg som 229 fvt. og gav det dåverande namnet til bukta, Rhizonicus Sinus. Rhizon vart underlagd Den romerske republikken i 168 fvt. samstundes med Acrivium, eller Acruvium, som i dag er Kotor (Cattaro).

Kotor sjølv vart forskansa tidleg i mellomalderen og var ein av dei viktigare byane i Dalmatia i denne perioden. Han gjekk seinare til Bulgaria og så til Serbia før han vart ein delvis sjølvstendig republikk verna av dei serbiske kongane. Handelsflåten auka gradvis og etter Serbia vart erobra av Det osmanske riket seint på 1300-talet, tok Den venetianske republikken bukta.

Bokeljane hadde ein sterk flåte med så mange som 300 skip på 1700-talet, og bukta var ein stor rival til Dubrovnik og Venezia.

På byrjinga av 1800-talet vart regionen rundt Kotorbukta ein del av Dei illyriske provinsane, ein del av Det franske keisardømet. Regionen vart seinare erobra av Montenegro med russisk hjelp frå biskopen av Cetinje Petar I Petrović Njegoš og i 1813 vart det oppretta ein union mellom området rundt bukta og Montenegro.

I 1815 vart bukta annektert av Det austerrikske keisardømet (Austerrike-Ungarn etter 1867) og ein del av provinsen Dalmatia (del av Cisleithania etter 1867). I 1848 gav den montenegrinske fyrstbiskopen Petar II Petrović-Njegoš innbyggjarane råd om å kjempe i revolusjonane i 1848 for Josip Jelačić i eit å forsøk på å samle Dalmatia, Kroatia og Slavonia under Habsburg, men folkeforsamlinga i Kotor nekta.

Kongedømet Montenegro prøvde å ta bukta under den første verdskrigen og vart bombardert frå Lovćen, men i 1916 vart Montenegro slått av Austerrike-Ungarn. 7. november 1918 kom den serbiske hæren til bukta og vart teke imot av innbyggjarane der som frigjerarar. Han vart ein del av den sjølverklærte Staten av slovenarar, kroatar og serbarar og kom så i union med Kongedømet Serbia. I løpet av ein månad var Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar oppretta, og i 1939 vart det omdøypt Jugoslavia. Bukta var ein kommune i Dalmatia fram til 1922 og så innlemma i Zeta-området, som frå 1939 vart heitande Zeta banate.

Kotorbukta vart okkupert av Fascist-Italia i 1941, og etter 1945 var det ein del av Republikken Montenegro i Jugoslavia. I dag er dei fleste innbyggjarane ortodokse kristne og ser på seg sjølv som anten serbarar eller montenegrinar, medan om lag 11 % av innbyggjarane er katolske, hovudsakleg kroatar.

Kotorbukta er ein del av UNESCO sin verdsarv. I 1979 vart området råka av eit jordskjelv som øydela mange kulturmonument.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°26′N 18°38′E