Kråke
| Kråke | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Corvidae | |
| Slekt: | Corvus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Corvus cornix | ||
Kråka er ein grå og svart fugl i kråkefamilien. Ho har tilhald i Noreg heile året, men ein finn henne sjeldan over tregrensa.
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Kråka er om lag 50 cm. Ho er typisk grå og svart i karakteristisk mønster. Kråka er ein god del mindre enn ramnen og i motsetning til ramnen har kråka tverrskoren stjert. Når kråka er i flukt, har ho rolege vengeslag og er sjeldan i seglflukt. Kråkelyden er eit håst «kraa». Fuglen har ein varierande klang og styrke i røysta si.
Levevis [endre]
Kråka er ein standfugl, men kan òg trekkja. Ho finst over heile Noreg. Mange av kråkene overvintrar langs kysten fordi det er lettare å finne mat der. Mange kråker trekkjer i oktober til Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia, og Storbritannia. Dei vender attende i mars-april.
Mange har sett kråka på søppelplassar, men du finn henne i alle landskapstypar, oftast i kulturmark. Ho finst på fjellet opp til 1000 meter over havet. Etter Norsk Ringmerking-Atlas kan kråka bli over 16 år og 3 måneder
Mat [endre]
Kråka et det meste ho kjem over. Ho et insekt, muslingar, frosk, smågnagarar, fuglar, fugleegg, åtsel, bær, korn og liknande.
Hekking [endre]
Kråka har same make heile livet. Paret byggjer reiret sitt saman. Reiret byggjer dei i tre, buskar eller i ein fjellvegg, og dei held gjerne til på den same staden heile livet. Dei byggjer reiret av kvistar, jord og leire. Til å fòra reiret bruker dei fjør, dun, hår, tøystumpar, papirbitar eller liknande. Av og til blir reira brukte om igjen. Viss ein framand fugl legg egg i kråka sitt reir, behandlar kråka det som sitt eige i staden for å eta det.
Kråka legg 3–6 egg i april–juni. Hoa ruger på egga i 18–20 døgn. Egga er som oftast blågrøne med tettstilte grå og brune flekkar. Dei blir klekte etter om lag 31 døgn. Når fugleungane er klekte, hjelper både hoa og hannen med å mate dei. Dei blir som oftast mata med oppgulp.