Kråkefamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Kråkefamilien |
||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Corvidae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Corvidae | ||
Kråkefamilien (Corvidae) er ein familie med mellomstore til store fuglar. Fuglane i denne familien har kraftig nebb og bein. Det er 23 slekter med til saman 113 artar i gruppa, og dei finst naturleg over heile verda utanom i polarområda.
I Noreg har me åtte artar fast:
- Kråke Corvus cornix
- Kaie Corvus monedula
- Kornkråke Corvus frugilegus
- Ramn Corvus corax
- Nøtteskrike Garrulus glandarius
- Skjor Pica pica
- Lavskrike Perisoreus infaustus
- Nøttekråke Nucifraga caryocatactes
På Vestlandet kan ein òg finne einskilde eksemplar av
- Svartkråke Corvus corone