Krabbeetarsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krabbeetarsel

Status i verda: LC Livskraftig

Krabbenfresser.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Underorden: Pinnipedia
Familie: Phocidae
Slekt: Lobodon
Vitskapleg namn
Lobodon carcinophagus

Krabbeetarsel (Lobodon carcinophagus) er ein selart som lever i Antarktis. Han høyrer til familien Phocidae (hårselar, «ekte selar»). Trass namnet lever dei hovudsakleg av kril.

Tennene filtrerer ut kril frå sjøvatnet.

Krabbeetarselar er slanke, lysegrå selar som blir rundt 2,5 meter lange, og veg 200-300 kg i vaksen alder. Pelsen er einsfarga. Ungdyr er gjerne noko mørkare enn eldre. Hoene er noko større enn hannane.

Tennene til selen er særskilt tilpassa kosthaldet. Dei gjer at han kan filtrere kril frå vatnet. 95 % av føda til selen er antarktisk kril (Euphausia superba). I tillegg tek han også noko fisk og blekksprut.

Dyra lever gjerne i små familiegrupper, men kan også samla seg i større flokkar. Ungane blir fødde i september–desember. Svært mange av ungane døyr i løpet av første leveåret, mange av dei som bytte for leopardsel.

Utbreiinga til krabbeetarsel.

Krabbeetarsel har ei sirkumpolar utbreiing, men føretrekk pakkis framfor ope hav. Dei kan koma seg kvikt fram oppå is. Dei kan også vandra til område så langt unna som New Zealand, Australia, sørkysten av Afrika og Sør-Amerika.

Ein rekner med at det finst over 7 millionar individ, kanskje opptil eller over 15 millionar krabbeetarsel. Arten er dermed ikkje rekna som truga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krabbeetarsel


Kjelder[endre | endre wikiteksten]