Ajjanar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ajjanar-statue i eit tempel nær Madurai.
Foto: Palagret

Ajjanar er ein hinduisk landsbygud som blir dyrka i store delar av Tamil Nadu. Han blir ofte identifisert med Ajjappan, som blir dyrka i Kerala, og med Sjasta og Tsjátan, som blir dyrka i både Tamil Nadu og Kerala. Guden vernar mot vonde ånder og andre plager, straffer dei som gjer gale, og oppfyller ønske.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Ajjanar-statue med hest utstilt i Chennai i Tamil Nadu.
Foto: Badri Seshadri

Ajjanar er ein krigargud som vernar eit visst område, til dømes ein landsby. Statuar og tempel til han er ofte plassert ved grensa til landsbyen, eller nær vasskjelder. Guden er utforma med ein fryktinngytande og imponerande utsjåande, ofte med stor bart, mange smykke, våpen i handa og gjerne sitjande til hest. Tidlegare var det vanleg med gudestatuar av sand og stein med naturfargar; i dag blir dei ofte måla med gilde fargar.[1]

Plassering i mytologien[endre | endre wikiteksten]

Statue av elefant med tilbedarar utanfor eit Ajjanar-tempel.
Foto: Palagret

Nær guden finn ein ofte også statuar av konene, Pusjkala og Purnakala, andre menneske og dyr, særleg hestar og elefantar. Rundtom kvart tempel er det vanleg å ha statuar av lågare gudar. Ajjanar har som oftast 21 underordna gudar rundt seg. Karuppusami er namnet på den viktigaste følgjesveinen.[2]

Ein kan også finna Ajjanar-statuar i Sjiva-tempel. Han blir då omtala som sonen til Sjiva, som blei fødd for å nedkjempa demonkongen Tarkkan (Daksja), og for å verna landsbyen.[3] På liknande vis er det òg mogleg for nokre av gudane underordna Ajjanar å ha eigne tempel.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Utøvarar framfører ei musikalsk forteljing ved eit ajjanartempel under panguni uththiram-høgtida.

Prestar for Ajjanar blir kalla podjari. Dei kan koma frå ulike kaster, men ofte frå ei med nokså låg status, og er sjeldan brahminar. Yrket går ofte i arv innan familien. Guden har eit nært samband med pottemakarar, som jamnleg lager nye dyrestatuar til hans ære. Dei har ofte òg status som prestar.[2]

Høgtider for Ajjanar blir feira med tradisjonell tamilsk folkemusikk og -dans. Ofte ofrar ein leirfigurar til guden, gjerne av rotter eller slangar som guden vernar mot, eller forma som noko ein har bede om som guden har oppfylt.[2]

Ajjanar skil seg frå mange andre landsbygudar ved at ein sjeldan ofrar dyr til han, men i staden utfører ein «vegetariske» podjaer, som for dei høgareståande gudane i den hinduiske mytologien, Visjnu og Sjiva. Derimot kan ein ofra til gudane som er underordna Ajjanar.

Geografisk og sosial utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Området der ein dyrkar Ajjanar i Tamil Nadua ligg mellom elvane Godavari og Palaru.[4] Gudsdyrkinga speglar noko av tilhøvet mellom kastene i landsbyane i dette området. Til dømes dyrkar kallar-kasten ofte Ajjanar. Tsjakkilijar, som står lågare på kastestigen, dyrkar ofte den underordna guden Conajjar.[5] Ein annan undergud, Sonaisami, er alltid plassert utanfor hovudtempelet. Han blir dyrka av urørbare, som sjeldan våger seg heilt inn til statuen av Ajjanar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Just cliking: Aiyanar
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Via Negativa blog archive
  3. David Mosse: Catholic Saints and the Hindu Village Pantheon in Rural Tamil Nadu, India. Man, New Series, Vol. 29, No. 2. (Jun., 1994), pp. 301-332.
  4. J. R. Marr: Review: Contribution à l'étude d'Aiyanār-Sāstā by Marguerite E. Adiceam. Bulletin of the School of Oriental and African Studies, University of London, Vol. 32, No. 2. (1969), p. 458.
  5. William McCormack: Review of Hierarchy and Marriage Alliance in South Indian Kinship. and Une Sous-Caste de L'Inde du Sud: Organisation Sociale et Religion des Pramalai Kallar by Louis Dumont. The Journal of Asian Studies, Vol. 19, No. 4. (Aug., 1960), pp. 486-488.