Kristent Konservativt Parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kristent Konservativt Parti er eit tidlegare politisk parti i Noreg. Partiet oppstod i 1989 då minipartiet Fredspartiet endra namn. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinamn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinamnet til andre småparti som låg brakk, og så endra namnet.[1] Fredspartiet hadde på denne måten oppstått gjennom fleire namneskifte frå det opphavleg registrerte Noregs Demokratiske Parti.

Kristent Konservativt Parti stilte til val ved stortingsvala i 1993 og 1997. I 1993 fekk det 1974 røyster (0,08 %), i 1997 fekk det 1386 røyster (0,05 %).

Det vart fusjonert med Samlingspartiet Ny Fremtid den 26. september 1998 til Kristent Samlingsparti.

Partiet hadde aldri noka stor oppslutting, men seinare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle, blei i si tid vurdert som toppkandidat i Hordaland.

Tidlegare politiske parti i Noreg:
Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Centrum | Demokratiske Sosialistar | Fedrelandspartiet | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.