Kyklop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framstilling av ein kyklop på Naturhistorisk museum i London.

Kyklopar (gresk κύκλωψ [kyklops], «rundauge») er ein type kjemper i gresk mytologi og dikting som er kjenneteikna ved at dei berre har eitt auge. Frå mytane kan det skiljast ut to generasjonar av kyklopar.

Dei første kyklopane[endre | endre wikiteksten]

Desse var avkom av Uranos og Gaia. I følgje Hesiod var dei sterke, sta og motbydelege. Mytane namngjev tre kyklopar; Arges, Brontes og Steropes som tyder tore, lyn og lys. Uranos frykta styrken deira og stengte dei inne i Tartaros. Seinare sleppte ein annan son av Uranos og Gaia – Kronos – dei fri.[1] Etter at dei hadde hjelpt Kronos med å styrte og kastrere faren, vart dei igjen innestengd i Tartaros. Frå her vart dei sett fri av Zevs for å smi lyn for han, til bruk i kampen mot Kronos og dei andre titanane.

Kyklopane skapte òg treforken til Poseidon, pil og bogen til Artemis og hjelmen som Hades gav til Persevs. Dei var òg smedsveinar hos Hefaistos. Kyklopane vart drepne av Apollon etter at Zevs hadde drepe sin eigen son Asklepios med eit lyn smidd av dei.

Seinare segner seier at det er kyklopane som har bygt dei gigantiske steinmurane som står att etter Tiryns (Tíryntha) og Mykene. Det heiter seg òg at lyden som kjem frå aktive vulkanar er kyklopane som arbeider.

Dei andre kyklopane[endre | endre wikiteksten]

Odyssevs og Polyfemos. Dekorert gresk amfora frå 600-talet f.Kr.

I følgje denne myten er kyklopane einauga kjemper som bur på ei øy. Ein namngjeven kyklop, Polyfemos, var son av Poseidon.

I Odysseen av Homer kjem Odyssevs til kyklopøya og finn ei hole, der dei forsyner seg av mat som står framme. Det viser seg å vere hola til Polyfemos, som kjem heim og stenger utgangen for mennene. Så starta han å ete dei – to kvar dag. Odyssevs byr Polyfemos å drikke ein sterk vin han har med seg, og når kyklopen i godt lune spør om namnet på framandkaren, svarar Odyssevs: «Ingen». Når Polyfemos har sovna, tar mennene eit herda spyd som dei køyrer ned i auga til kyklopen. Kjempa set i å skrike, slik at naboane hans spør om det er noko som plagar han. Polyfemos seier at «Ingen» plagar han, og dermed kjem heller ingen å hjelper han.

Den blinda Polyfemos er bestemt på å ikkje la mennene sleppe ut, men dei kjem seg ut av hola ved å henge seg fast i ulla under buken på kjempesauane når dei skal ut på beite. Polyfemos stryk over ryggen på kvar sau for å sikre seg om at mennene ikkje rir dei.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Sidan kyklopane er kjent for smedkunsten sin, har nokre forskarar foreslått at opphavet til dei einøygde kyklopane kan kome av at smedar nytta ein skinnlapp over det eine auget for å verne seg mot gneistar.

Den andre generasjonen av kyklopar har lite med dei første å gjere. Dei vert aldri nemnde i samband med smiing. Mange meiner at Polyfemos ikkje var kyklop før Homer gjorde han til det i Odysseen. Eitt forslag er at Polyfemos har høyrt til triamantane, som i kretiske segn var menneskeetande uhyre som hadde eit tredje auge i bakhovudet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kleiva, Rønnaug (1996), Greske gudar og gudinner, Norske samlaget, ISBN 82-521-4651-1, OCLC 53794595 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kyklop