Kentaur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kentaur. Terrakottafigur frå Kypros, ca. 600–480 f.Kr.

Kentaur (gresk Κένταυρος, Kéntauros, latin centaurus) eller hippokentaur[1] er eit fabeldyr eller ein daimon frå gresk mytologi som er tenkt som eit vesen som er dels hest og dels menneske; han har overkroppen og hovudet til eit mennesket og sjølve kroppen og føtene til ein hest. Kentaurar er framstilte som ein vill og ukontrollert rase, som er fullstendig underlagt dei dyriske kreftene sine.

I tidlege attiske og boiotiske vasemåleri er dei avbilda med bakenden til ein hest og i seinare attgjevingar er dei viste med overkroppen og torsoen til eit menneske festa på ryggkam til ein hest der ein normalt finn halsen til hesten. Denne tilstanden av halvt menneske og halvt hest har fått mange forfattarar til å behandla dei som liminale vesen, fanga mellom to naturar og kontrasterande mytar, begge som legamleggjeringar av den utemde naturen, slik som i kampen deira med lapittarar (slektningane deira), eller omvendt som lærarar, slik som Kheiron.

Kentaurane blei vanlegvis sagt å ha blitt fødde som barn av lapittarkongen Ixion og Nefele (skya gjort i biletet til Hera). Ei anna opphavssoge seier at dei er avkommet til ein viss Kentauros som hadde samleie med hopper i Magnesia. Denne Kentauros var anten sjølv ein son av Ixion og Nefele (innsetjing av ein mellomliggjande generasjon) eller av Apollon og Stilbe, dotter av elveguden Peneios. I ein seinare versjon av forteljinga var tvillingbroren hans Lapithes, stamfar av lapittarane, slik at dei stridande folka var slektningar.

Kentaurane blei sagt å halda til i Thessalía og ved fjellet Pilion i Thessalía, i eikeskogen Foloi i Elis, og i sørlege Lakonía. Dei heldt fram med å opptre i litterære former i romersk mytologi.

Kentauromakhía[endre | endre wikiteksten]

Metopen på Parthenon framstilte Kentauromakhía, kampen mellom kentaurane og lapittarane.

Den best kjende soga om kentaurane, kentauromakhía, handlar om krigen deira mot lapittarane. Striden blei utløyst av forsøka deira på å frakta vekk Hippodamia (Ἱπποδάμεια, frå ἵππος, hippos, «hest» og δαμάζειν, damazein «å temja») og alle andre lapittiske kvinner på dagen då Hippodamia skulle gifta seg med Peirithoos, kongen av lapittarane, og sjølv ein son av Ixion. Thesevs, den greske helten og grunnleggjaren av byar, var tilfeldigvis til stades. Han kasta seg inn i kampen, og endra balansen i krigen til fordel for den rette ordenen til tinga. Kentaurane blei drivne tilbake eller drepne.[2][3][4] Ein annan lapittisk helt, Kainevs, som var usårbar for våpen, blei slått til jorda av at kentaurane kasta store steinar og velta tre.

Kentauromakhía, tondo av ein attisk raudfigur-kylix, ca. 480 f.Kr.

Kentaurane vart framstilte i mange greske mytar som like ville som utemde hestar. Kentauromakhi, kampen med kentaurane, er ein parallell til titanomakhía, kampen til dei olympiske gudane mot titanane. Kentaurkrigen er såleis ein metafor for konflikten mellom dei primitive og meir siviliserte sidene til menneskja, kampen mellom barbari og sivilisasjon.

Kentauromakhía er mest berømt framstilt i kunsten i metopenParthenon av bilethoggaren Feidias, og seinare i renessansen ved ein skulptur av Michelangelo.

Tidlege representasjonar[endre | endre wikiteksten]

Den forsøksmessige identifiseringa av to fragmentariske mykenske terrakottastatuettar som kentaurar blant dei omfattande mykenske keramikken som er funnen i oldtidsbyen Ugarit ved kystregionen av dagens Syria, kan tyda på eit bronsealderopphav for myten om desse vesena.[5] Ein måla terrakottakentaur blei funnen ved «heltegrava» i Lefkandi på den greske øya Evvia, og ved figurar av kentaurar frå den geometriske perioden som er blant dei fyrste visuelle framstillingane måla på greske vasar. Ein ofte omtalt bronsefigur frå den geometriske perioden av ein krigar ansikt til ansikt med ein kentaur som i dag er ved Metropolitan Museum of Art i New York.[6]

Den vanlegaste teorien for opphavet til førestillinga om kentaurar seier at ho kan koma frå den fyrste reaksjonen til ryttarar frå eit folk som ikkje kjende til moglegheita for å ri på hestar, slik som i den minoiske kulturen ved Egearhavet i møte med nomadar og hestekulturen deira. Teorien foreslår at slike ryttarar ville stå fram som halvt menneske og halvt hest. Til samanlikning rapporterte den spanske conquistadoren Bernal Díaz del Castillo at aztekarar hadde ei liknande villfaring i møte med spanske kavaleri.[7] Tamme hestar og ridekultur oppstod fyrst på det sørlege steppelandskapet i Sentral-Asia, kanskje omtrentleg i området til det som i dag er Kasakhstan.

Lapittstammen i Thessalía, som i myten var slektningar av kentaurane, blei omtalte som oppfinnarar av hesteriding av greske forfattarar. Stammane i Thessalía hevda også at hesterasane deira var etterkommarar av kentaurane.

Av dei ulike antikke forfattarane som nemner kentaurar var Pindaros den fyrste som skildra eit utvilsamt kombinert vesen.[8] Tidlegare forfattarar som Homer nytta ord som pheres (samanlikn med theres, «beist»/«dyr»),[9] som også kunne bety ordinære villmenn som reid på vanlege hestar. Likevel kan ein finna samtidige representasjonar av hybride kentaurar i arkaisk gresk kunst.

Den romerske diktaren Lucretius nekta i det filosofiske diktet De Rerum Natura (Om naturen til tinga) frå 100-talet e.Kr. for eksistensen av slike vesen som kentaurar, basert på den ulike vekstmengd og farten til menneske og hestar. Han skreiv at tre år gamle hestar er i den beste alderen av livet sitt, medan tre gamle menneske ikkje er meir enn småbarn, noko som gjer hybride dyr umoglege.[10]

Kvinnelege kentaurar flankerer Venus, mosaikk frå romerske Tunisia, 100-talet e.Kr.

Sjølv om kvinnelege kentaurar, kentaurider, ikkje er nemnde i tidleg gresk litteratur og kunst, opptrer dei seinare i antikken. Ein makedonsk mosaikk frå 300-talet f.Kr.[11] er eit av dei eldste døma av kentaurider i kunsten. Ovid nemner også ei kentauride, Hylonome, som tok sitt eige liv då ektefellen hennar Kyllaros blei drepen i krigen mot lapittane.[12]

Eit kentaur-liknande halvt menneskeleg vesen som blei kalla Polkan opptrer i russisk folkeminne, framstilt i kunst og i luboktrykk mellom 1600- og 1800-talet. Polkan var opphavleg basert på Pulikane, ein halvhund frå Andrea da Barberino sitt dikt I Reali di Francia, som ein gong var populært i den slaviske verda i omsetjingar til prosa.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Centaur, Thefreedictionary.com
  2. Plutark: Theseus, 30.
  3. Ovid: Metamorfoser, xii. 210.
  4. Diodorus Siculus, iv, s. 69-70.
  5. Shear, Ione Mylonas (2002): «Mycenaean Centaurs at Ugarit» i: The Journal of Hellenic Studies, s. 147–153; se også tolkningen relatert til dem i «den forkortede statuettgruppen» ved bronsealderhelligdommen Afaia og andre steder, presentert av Pilafidis-Williams, Korinna (2004): "No Mycenaean Centaurs Yet" i: The Journal of Hellenic Studies 124, s. 165, som konkluderer at «we had perhaps do best not to raise hopes of a continuity of images across the divide between the Bronze Age and the historical period.»
  6. Metropolitan Museum of Art
  7. Chase, Stuart: Mexico: A Study of Two Americas, kapittel IV, University of Virginia.
  8. Pindaros: Andre pythiske ode. Sitat i engelsk oversettelse: «...that strange race was born, like to both parents, their mother’s form below, above their sire’s.»
  9. Eksempelvis Homer: Iliaden i. 268, ii. 743. Sammenlign med Hesiods Aspis Hērakleous («Herakles' skjold»), 104
  10. Lucretius: On the Nature of Things, bok V, oversatt til engelsk av William Ellery Leonard, 1916 (The Perseus Project.)
  11. Det arkeologiske museum i Palla
  12. Ovid: Metamorfoser 12. 210 ff., navnet Hylonome er gresk, slik at Ovid kan ha tatt navnet fra en gresk fortelling som siden har gått tapt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kentaur