Kvithai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvithai
Kvithai
Kvithai
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av kvithai
Utbreiinga av kvithai
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Bruskfiskar Chondrichthyes
Overorden: Galeomorphii
Orden: Lamniformes
Overfamilie: Lamnoidea
Familie: Lamnidae
Slekt: Carcharodon
Art: Kvithai C. carcharias
Vitskapleg namn
Carcharodon carcharias

Kvithaien (Carcharodon carcharias) er ein stor haiart som lever på grunt vatn i alle dei store verdshava, helst i tempererte til tropiske hav. Kvithaien er den einaste arten i slekta si, Carcharodon. Han er den tredje største nolevande fisken i verda, etter kvalhai og brugde.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvithaiar kan bli opp til åtte meter lange og vega opptil 2 tonn.[1] Dei blir kjønnsmogne om lag 15 år gamle, og kan leva i rundt 30 år. Kvithaien lever helst åleine, men kan sjeldan sjåast i par. Dei føder levande ungar, mellom fem og ti i kvart kull.[1] Haien har mange, skarpe tenner på 8-10 cm, og lever av sel, sjøpattedyr og fisk. I dag har kvithaien status som truga art grunna ulike menneskelege inngrep.

Åtak på menneske[endre | endre wikiteksten]

Kvithaien har elles blitt illgjeten gjennom filmen Haisommer (1975) av Steven Spielberg, basert på ein roman av Peter Benchley. I filmen blir amerikanske badegjester massakrert av ein kjempekvithai på nær 8 meter og tre tonn. I røynda er ikkje menneske favorittbyttet til kvithaien. Frå 1990 til 2011 er det registrert 139 uprovoserte kvithaibitt der 29 medførte dødsdall.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «hvithai» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 22. februar 2024.
  2. «ISAF Statistics for Worldwide Unprovoked White Shark Attacks Since 1990». 10 February 2011. Henta 19. august 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]