Brugde
| Brugde | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Chondrichthyes | |
| Orden: | Lamniformes | |
| Familie: | Cetorhinidae | |
| Slekt: | Cetorhinus | |
| Art: | C. maximus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Cetorhinus maximus | ||
Brugde (Cetorhinus maximus) er ein haiart som kan verta 10-15 meter lang. Fisken lever i Nord-Atlanteren og Stillehavet. Om sommaren finst han langs norskekysten, nord til Norskehavet.
Føde[endre]
Brugda sym gjennom vatnet og filtrerer maten i seg på ein passiv mate. Maten er dyreplankton og virvellause dyr, spesielt små krepsdyr. Brugdene finn maten i eller nær overflata der dei sym med vidopne munnar og gjellehåra oppreiste.
Fangst[endre]
Brugder vart fanga med harpun i Noreg frå 1750 til 1820, men fangst er no ulovleg. Fangst av brugder er attraktivt på grunn av den store, næringsrike levra. Levra kan utgjera 25 % av vekta til ei brugda. På grunn av den låge formeiringsfrekvensen skal det lite fangst til for å truga bestanden. På verdsbasis er brugda i dag truga grunna overfiske.
Kjelder[endre]
- CAPLEX
- fiskeri.no
- Denne artikkelen bygger på «Basking shark» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2012.