Kvitskjeggmaurvarslar
| Kvitskjeggmaurvarslar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Thamnophilidae | |
| Slekt: | Biatas | |
| Art: | B. nigropectus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Biatas nigropectus
Lafresnaye, 1850
|
||
Kvitskjeggmaurvarslar, Biatas nigropectus, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Biatas. Han er endemisk for den atlantiske skogen i Argentina og Brasil og er ein bambusspesialist. Arten er truga av tap av leveområder og ein trur populasjonen minkar fort.
Kvitskjeggmaurvarslar er 18 centimeter i lengd, hannen har brunleg fjørdrakt med raudbrune venger og hale, svart krone, nedre strupe og bryst. Hofuglen har raudbrun krone.
I Argentina har kvitskjeggmaurvarslar vorte funne berre i Guadua-bambus, spesielt arten Guadua trinii.[1] Han lever av insektlarver, edderkoppar, små maur og frø som han plukker av bambus. Dette er ein kryptisk art som sjeldan syng, så lite er kjent om levevis og økologi.[1]
Kjelder [endre]
- Første utgåva av artikkelen byggjer på «White-bearded Antshrike» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2011
- BirdLife International (2011) Faktaark for arten: Biatas nigropectus. Lest frå http://www.birdlife.org 10. juli 2010.
Referansar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av kvitskjeggmaurvarslar hos Internet Bird Collection
- « Biatas nigropectus . In: IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.4». BirdLife International tilgjengeleg frå <www.iucnredlist.org>. http://www.iucnredlist.org/apps/redlist/details/145530/0. Henta 10. juli 2011.