Lech Wałęsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lech Walesa

Lech Wałęsa (fødd 29. september 1943 i Popowo) var president i Polen i perioden 1990 til 1995.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lech Wałęsa stammar frå landsbyen Popowo. Han er frå ein fattig familie, og fekk ein tradisjonell katolsk oppseding. Han gjekk grunnskule og elektroteknisk yrkesskule. Mellom 1961 og 1965 prøvde han seg som bilmekanikar. Etter at begge foreldra døydde, flytta han i 1967 til Gdańsk og jobba der som elektrikar ved Leninverftet i byen. I 1968 gifta han seg med Mirosława Danuta Gołoś. Paret fekk åtte barn, tre jenter og fem gutar.

Fagforeningsaktivisme[endre | endre wikiteksten]

I 1970 var Lech Wałęsa medlem av den illegale streikekomiteen ved Leninverftet. Etter at streiken var blitt blodig slått ned av politiet - over 80 arbeidarar blei drepne - blei han arrestert og dømt til eitt års fengsel for antisosial opptreden. I 1976 mista Wałęsa arbeidet fordi han hadde samla inn underskrifter til eit bønneskriv om opprettinga av eit minnesmerke for dei drepne arbeidarane. Han hamna på ei uformell svarteliste og klarte etterpå ikkje å finna nytt arbeid nokon stad, og måtte leva av hjelp frå venene sine. Det var forholdsvis harde levekår for familien hans fordi han hadde kone og då sju barn å forsørgja.

I 1978 organiserte han saman med Andrzej Gwiazda og Aleksander Hall den illegale undergrunnsforeininga Wolne Związki Zawodowe Wybrzeża (= Pommerns frie fagforeining). I 1979 blei han gjentatte gonger arrestert for engasjement i ein antistatleg organisasjon, men han blei frifunne av rettsvesenet. Tidleg i 1980 blei han sleppt fri, og fekk lov til å gå tilbake til sitt tidlegare arbeid ved Leninverftet.

Etter at streik brøyt ut ved Leninverftet og arbeidarane okkuperte verftsområdet, klatra Wałęsa etter eige utsegn den 14. august 1980 over verftsmuren og blei leiaren for streiken. Over heile Polen følgde arbeidarane spontant eksempelet frå Gdansk og la ut av solidaritet ned arbeidet på sine eigne arbeidsplassar. Lech Wałęsa kjempa etter nokre dagar gjennom ein avtale med verftet og erklærte streiken for avslutta. Men Anna Walentynowicz stoppa dei arbeidarane som begynte å forlata verftsområdet og overbeviste dei om å danna ein streikekoordinasjonskomite (polsk: Międzyzakładowy Komitet Strajkowy) som skulle føra an og støtta generalstreikane over heile landet.

I september same år underteikna den kommunistiske regjeringa ein avtale med streikekoordinasjonskomiteen som legaliserte frie fagforeiningar. Streikekoordinasjonskomiteen legaliserte seg som Den nasjonale koordinasjonskomiteen for den frie fagforeininga Solidaritet (polsk: Solidarność). Wałęsa blei vald til formann. Solidaritet fekk etterkvart 10 millionar medlemmer.

Han blei i dette embetet til desember 1981 då statsminister Wojciech Jaruzelski utropte krigstilstand i Polen. Wałęsa blei fram til 14. november 1982 internert i det søraustlege Polen, nær grensa til Sovjetunionen. Det amerikanske nyheitsmagasinet Time kåra han til Man of the Year. Den svenske avisa Dagens Nyheter og den danske Politiken tildelte han ein fridomspris på 50.000 svenske kroner i 1982, for Wałęsas kamp for rettferd, fridom og sanning. I Noreg vart han i 1982 tildelt Fritt Ords Pris for som den fremste talsmannen for Solidaritet, med ufatteleg mot og karakterstyrke og forakt for personleg risiko, å ha teke det frie ord i bruk mot eit totalitært samfunnssystem.

I 1983 bad han om å få venda tilbake til Leninverftet som elektrikar. Sjølv om han offisielt skulle bli behandla som ein heilt vanleg arbeidar, var han under husarrest fram til 1987.

Før Lech Wałęsa fekk Nobelprisen, blei han i juli 1983 tildelt den tyske menneskerettsprisen Shalom-Preis. Same året fekk han fredsprisen, men kona måtte henta prisen fordi han var redd at myndigheitene ville stenga han ute frå landet om han reiste ut. Nobelprisen blei av mange sett på som ei anerkjenning av det polske folket sin ikkjevaldskamp mot kommunistregimet. Prispengane gav Wałęsa til utvikling av Polens jordbruk, og medaljen gav han til Polens nasjonalheilagdom, Jasna Góra-klosteret.

Frå 1987 til 1990 organiserte Wałęsa den halvlegale provisoriske eksekutivkomite for fagforeininga Solidarność. I 1988 organiserte han nok ein okkupasjonsstreik ved skipsverftet i Gdansk, og kravde at fagforeininga blei fullt ut legalisert. I bedrifter over hele Polen blei eksempelet frå Gdansk følgd; landet blei plaga av ei rekke streikebølgjer. På fjernsynet diskuterte Wałęsa på direkten med leiaren for det statlege fagforeiningsforbundet OPZZ, Miodowicz, og sigra med humør og slagkraft.

Etter åtti dagar og mange samtaler mellom innanriksminister general Kiszczak og Wałęsa gjekk regjeringa med på ein rundebordsamtale. Den begynte den 6. februar 1989 i Warszawa. Wałęsa fungerte som talsmann for ikkje-regjeringssida. Under samtalane underteikna regjeringa ein avtale om gjenoppretting av fagforeininga Solidarność og om førebuinga av «halvfrie» val til det polske parlamentet.

Partipolitikar[endre | endre wikiteksten]

I 1989 organiserte og leia Wałęsa Borgarkomiteen for leiaren av fagforeininga Solidarność. Formelt dreidde det seg om eit rådgjevingsorgan, men i verkelegheita var han eit slags politisk parti. Det vann parlamentsvala det same året. Opposisjonen vann med 99 % av alle avlagte stemmane 160 av dei 161 taburettene som kunne veljast i Sejmen. I følgje rundebordsavtalen var dette det delegattalet som skulle bli bestemt ved dei direkte vala; 65 % av det totale talet plassar skulle framleis automatisk tilfalla Det polske kommunistparti og deira allierte. Slik betydde den knusande valsigeren likevel berre 35 % av parlamentstaburettene. Denne vektinga fall bort ved dei neste og heilt frie vala, som følgde i 1991.

I det nydanna Senatet, der det ikkje var innført ei slik valordning, oppnådde opposisjonen allereie i 1989 heile 99 av dei i alt 100 senatstaburettane.

Wałęsa tok nå ei nøkkelrolle i polsk politikk. Mot slutten av 1989 fekk han overbevist alle dei polske blokkpartia om å danna ei ikkjekommunistisk koalisjonsregjering. Det blei den fyrste ikkjekommunistiske regjeringa i Austblokka. Til det polske kommunistpartiet si store overrasking valde parlamentet Tadeusz Mazowiecki til statsminister. Sjølv om Polen formelt framleis var eit kommunistisk land, begynte økonomien å bli omgjort til eit fritt marknadssystem.

President[endre | endre wikiteksten]

Den 9. desember 1990 blei Lech Wałęsa vald til Polens president for ein periode på fem år. Den geopolitiske situasjon var nå heilt endra, og Sovjetunionen gjekk i oppløysing.

Under presidentskapsperioden utløyste han det som blei stadige utskiftingar på politikkens toppnivå, med nye regjeringar så og seie kvart år. Leiarstilen hans blei kritisert av så og seie alle partia. Mot slutten av 1995 hadde han tapt den oppslutninga han til å begynne med hadde nytt i befolkninga. Wałęsa vart i 1995 tildelt storkrossen av St. Olavs orden.

Wałęsa blei etterfølgd av Aleksander Kwaśniewski i det neste valet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lech Wałęsa
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.