Les Paul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Les Paul
Les Paul.jpg
Verkeleg namn Lester William Polsfuss
Fødd 9. juni 1915
Waukesha, Wisconsin, US
Instrument Gitar, banjo, munnspel
Sjanger Jazz, blues
Aktive år 1928 – i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, oppfinnar
Nettside www.lespaulonline.com
Kjende instrument
Gibson Les Paul

Lester William Polsfuss eller Les Paul (9. juni 191513. august 2009) var ein amerikansk jazzgitarist og oppfinnar. Han var ein pioner innan utviklinga av den elektriske gitaren, som gjorde rock and roll-stilen mogeleg.[1] Han fann opp mange innspelingsteknikkar, som overdubbing, lyd- og bandforseinking, phaser og fleirsporsinnspeling. I 2003 plasserte Rolling Stone han som den 46. beste gitaristen gjennom tidene.

I 1930-åra spelte Paul jazzradio i Chicago. Dei to første platene hans kom i 1936, det eine under aliaset Rhubarb Red, som var Paul sitt alias når han spelte country. På den andre plata spelte han for bluesartisten Georgia White.

Paul var misnøgd med dei elektriske gitarane som vart seld i midten av 1930-åra og starta å eksperimentere med eigne utformingar. Mellom anna lagde han «Kubben» (The Log), som ikkje var noko anna ein ein gjerdestolpe med stol, hals og pickup. Til denne festa han kassen på ein hol Epiphone-gitar. Dette løyste dei to største problema hans, feedback, sidan den akustiske kassen ikkje lenger gav gjenklang med den forsterka lyden, og sustain sidan energien frå strengane ikkje forsvann ved at dei lagde lyd i kassen.

I 1938 flytta Paul til New York og i 1943 til Hollywood, der han danna ein ny trio. Paul spelte mellom anna med Nat King Cole og andre artistar på konserten Jazz at the Philharmonic i Los Angeles den 2. juli 1944. Same året spelte trioen på radioshowet til Bing Crosby. Crosby finansierte seinare Paul sine eksperiment med innspelingsteknikkar. I tillegg til å spele for Crosby og artistar som The Andrews Sisters spelte òg trioen til Paul inn eit par album på eiga hand på Decca Records seint i 1940-åra.

I 1941 teikna og bygde Paul ein av dei første elektriske gitarane utan hol kasse, om lag samstundes som Leo Fender og Adolph Rickenbacher lagde sine. Gibson Guitar Corporation utforma ein gitar etter Paul sine forslag tidleg i 50-åra, og gav han ei utgåve som han kunne teste. Paul vart såpass imponert at han signerte ein kontrakt med dei for det som vart «Les Paul»-modellen. Han avtalte då at han aldri skulle spele offentleg, eller verte fotografert med, noko anna enn ein Gibson-gitar. Dette varte til 1961 då Gibson endra utforminga utan å spørje Paul først. Paul bad dei endre namnet, og denne nye gitaren vart kalla SG, og har òg vorte ein av bestseljarane til selskapet.

Gitaren hans vert i dag nytta av gitaristar over heile verda, både amatørar og profesjonelle.

I 1947 gav Capitol Records ut ei plate som hadde starta som eit eksperiment i Paul sin garasje, kalla «Lover (When You're Near Me)». Denne songen hadde åtte forskjellige gitarspor av Paul og var første gong det vart nytta fleirsporsinnnspeling.

I januar 1948 mista nesten Paul livet i ei stygg bilulukke i Oklahoma, som øydela høgrearmen og olbogen hans. Legane gav Paul beskjed om at dei ikkje kunne fikse olbogen hans, og dei måtte låse olbogeleddet i den posisjonen Paul måtte ønskje. Paul forklarte så kirurgane at dei måtte la armen ha ein vinkel som gjorde at han kunne halde handa over gitarstrengane.

Etter den andre verdskrigen, med støtte frå Bing Crosby, lagde selskapet Ampex den første masseproduserte bandopptakararen. Crosby gav Les Paul den andre som vart produsert og han starta å eksperimentere med opptakaren og fann fram til spesialeffektar som ekko og flanging. I tillegg modifiserte han maskinen slik at han kunne gjere fleirsporsinnspelingar, noko som han vert rekna som opphavet til. Paul klarte å lage eit ekstra kretssystem i maskinen og slik kunne han spele inn fleire spor separat. Det var heller ikkje nødvendig å spele inn samstundes på same tape. Dette vart raskt utvikla vidare av Ampex og det vart gjeve ut to- og tresporsopptakarar. Desse maskinane danna grunnlaget for profesjonelle platestudio og radio- og TV-industri i 1950- og tidleg i 1960-åra.

I 1954 var Paul medverkande til å vidareutvikle teknologien og fekk Ampex til å byggje den første åttesporsopptakaren med hans økonomiske støtte. Utforminga hans der lydhovudet anten kunne spele inn eit nytt spor eller spele av eit tidlegare innspelt eitt, danna grunnlaget for fleirsporsinnspeling dei neste tretti åra.

Paul hadde mellom anna eit eige radioprogram, The Les Paul Show, på NBC på 50-talet og i denne tida spelte han inn fleire plater med kona si Mary Ford. Frå ut på 60-talet og framover spelte han berre sporadisk inn plater, mellom anna Chester and Lester i 1977 i lag med Chet Atkins.

Seint i 1980-åra starta Paul å gjere konsertar igjen, noko han i 90-årsalderen framleis haldt på med. I 1988 vart Les Paul innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. I 1991 oppretta Mix Foundation ein årleg pris kalla Les Paul Award som går til enkeltpersonar eller institusjonar som har sett nye standardar i kreativ bruk av lydteknologi.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Feedback (1944) - samleplate
  • Les Paul Trio (1946) - samleplate
  • Hawaiian Paradise (1949)
  • The Hit Makers! (1950)
  • The New Sound (1950)
  • Les Paul's New Sound, Volume 2 (1951)
  • Bye Bye Blues! (1952)
  • Gallopin' Guitars (1952) - samleplate
  • Les and Mary (1955)
  • Time to Dream (1957)
  • Lover's Luau (1959)
  • The Hits of Les and Mary (1960) - samleplate
  • Bouquet of Roses (1962)
  • Warm and Wonderful (1962)
  • Swingin' South (1963)
  • Fabulous Les Paul and Mary Ford (1965)
  • Les Paul Now! (1968)
  • Guitar Tapestry
  • Lover
  • The Guitar Artistry of Les Paul (1971)
  • The World is Still Waiting for the Sunrise (1974) - samleplate
  • The Best of Les Paul with Mary Ford (1974) - samleplate
  • Chester and Lester (1976) - med Chet Atkins
  • Guitar Monsters (1977) - med Chet Atkins
  • Les Paul and Mary Ford (1978) - samleplate
  • Multi Trackin' (1979)
  • All-Time Greatest Hits (1983) - samleplate
  • The Very Best of Les Paul with Mary Ford (1983) - samleplate
  • Tiger Rag (1984) - samleplate
  • Famille Nombreuse (1992) - samleplate
  • The World Is Waiting (1992) - samleplate
  • The Best of the Capitol Masters: Selections From "The Legend and the Legacy" Box Set (1992) - samleplate
  • All-Time Greatest Hits (1992) - samleplate
  • Their All-Time Greatest Hits (1995) - samleplate
  • Les Paul: The Legend and the Legacy (1996) - boks på fire plater
  • 16 Most Requested Songs (1996) - samleplate
  • The Complete Decca Trios -- Plus (1936-1947) (1997) - samleplate
  • California Melodies (2003)
  • Les Paul & Friends: American Made World Played (2005)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Les Paul