Lesjaskogsvatnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Lesjaskogsvatnet | |
|---|---|
| Stad | Lesja (Oppland) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 4,34 km² |
| Kystlengd1 | 40,05 km |
| Høgd over havet | 611 moh. |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Lesjaskogsvatnet er ein ca. 10 km lang innsjø i Lesja kommune i Oppland fylke. Sjøen ligg 611 moh. og har eit areal på ca. 5 km².
Innsjøen er den einaste i Noreg som har to utløp. Desse er utgangspunkt for to av Noregs mest kjende elver: I søraust, ved Lesjaverk, byrjar Gudbrandsdalslågen, som renn ned Gudbrandsdalen til Mjøsa, og i nordvest, ved Lesjaskog, byrjar Rauma, som renn ned Romsdalen til Romsdalsfjorden.
Under felttoget i Noreg opererte ein britisk jagarflyskvadron (med fly av typen Gloster Gladiator) frå det islagte Lesjaskogsvatnet.