Leskovac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leskovac
Plassering
Leskovac is located in Serbia
Styresmakter
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Region Sentral-Serbia
Distrikt Jablanica
Borgarmeister Goran Cvetanović
Geografi
Flatevidd
 - By

1 025 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik
 - Byområde

162 000
  158 /km²
94 758
Koordinatar 43°00′0″N 21°57′0″EKoordinatar: 43°00′0″N 21°57′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 16000
Bilnummer LE
Nettstad: www.cityofleskovac.org

Leskovac (serbisk Лесковац) er ein by og ein kommune sør i Serbia. Han er det administrative senteret i Jablanica distrikt. Europaveg 75 frå Beograd til Thessaloníki i Hellas går gjennom byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1860 var Leskovac den nest største byen i Fyrstedømet Serbia (etter Beograd). I 1867 dreiv fyrstedømet osmanarane ut av byane og fekk suverenitet over området, som vart internasjonalt anerkjend i Berlingerkongressen i 1878. I starten gjekk dette utover handelen i byen, men det tok seg opp att mot slutten av 1800-talet. Leskovac var kjend over heile Balkan for verkstadane som gjorde hamp om til tau. Under Det osmanske riket vart byen kalla Leskofça og var ein del av Niş sanjak fram til 1878.

Etter kvart vart det bygd vassdrivne møller i regionen. I 1896 kjøpte grunnleggarane av desse fabrikkutstyr for å produsere ullklede frå Det tyske riket. Dette var den første fabrikken i byen. I 1903 vart det bygd ein fabrikk for å handsame hamp nord for det gamle bysentrumet. I 1922 opna familien Teokarevic ein ullfabrikk i den vesle byen Vucje nær Leskovac. I 1938 hadde dei private tekstilfabrikkane i Leskovac 2560 arbeidarar.

Byen, som opphavleg vart kalla Dubočica, vart kjend som «Vesle Manchester» på 1800-talet, sidan berre Manchester i England overgjekk tekstilproduksjonen her. Byen var framleis eit stort tekstilsenter etter at kommunismen kollapsa i Aust-Europa, men som følgje av krigane i Serbia på 1990-talet kollapsa industrien.[1]

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen vart byen utsett for kraftige bombeåtak frå dei allierte i 1944, og det er estimert at mellom 1000 og 6000 innbyggjarar mista livet.[2][3]

Kosovokrigen[endre | endre wikiteksten]

12. april 1999, under NATO-bombinga av Jugoslavia, vart ei bru nær Leskovac (Grdelička klisura) øydelagd under flyåtak frå NATO medan eit passasjertog kryssa brua.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "A Serbian Region Unravels With Its Textile Industry", artikkel av Nicholas Wood i New York Times, 29. januar 2007
  2. Historia til Leskovac
  3. Bombinga av Leskovac