Leverkusen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leverkusen
Den japanske hagen i Leverkusen
Den japanske hagen i Leverkusen
Den japanske hagen i Leverkusen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Leverkusen
Leverkusen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Köln
Kreisfri by
Grunnlagd 1930
Geografi
Flatevidd
 - By

78,85 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

161 336
  2 046/km²
Koordinatar 51°2′0″N 6°59′0″EKoordinatar: 51°2′0″N 6°59′0″E
Høgd over havet 60 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 51371-51381
Telefon-retningsnummer 0214, 02171, 02173
Bilnummer LEV
Heimeside: www.leverkusen.de

Leverkusen er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 160 000 innbyggjarar. Byen ligg ved breidda av Rhinen halvvegs mellom Köln og Düsseldorf.

Leverkusen oppstod som følgje av den økonomiske veksten i Rhine-Ruhr området. Det var eit landleg område til seint på 1800-talet. Byen består av fleire landsbyar som opphavleg var kalla Wiesdorf, Opladen, Schlebusch, Lützenkirchen, Steinbüchel, Rheindorf og Bergisch-Neukirchen. Wiesdorf har ei historie tilbake til 1100-talet og Carl Leverkus oppretta ein fargefabrikk her i 1860. Fabrikken vart overtatt av selskapet Bayer i 1891. Selskapet flytta kontoret sitt til Wiesdorf i 1912, og byen vart eit senter for kjemisk industri i Tyskland.

Leverkusen vart grunnlagd i 1930 då dei nemnde landsbyane vart slått saman. I dag er byen heimstad for fotballlaget Bayer Leverkusen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg på den høgre sida av Rhinen med Köln nesten like på andre sida. Ein annan naboby er Bergisch Gladbach.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første busetnaden i området kom på 1100-talet. Desse områda høyrte til grevskapet og seinare hertugdømet Berg. I 1815 kom området inn under Preussen og provinsen Jülich-Kleve-Berg, frå 1824 Rheinprovinz. I 1815 var han eit lokalt sentrum, men alt i 1819 kom området under Solingen. I 1857 vart Neukirchen, Hitdorf og Opladen byar. I 1862 etablerte apotekaren Carl Leverkus ein fabrikk i nærleiken av Gemeinde Wiesdorf ved Rhinen. Området kalla han Leverkusen etter familien sin bustad.

Bayer AG har dominert byen sin moderne historie. Bayer AG etablerte seg i byen gjennom å kjøpe Dr. Carl Leverkus & Sons i 1891 - Dr Leverkus og heimen hans gav altså seinare namn til byen som vart skapt i 1930. Bayer byrja å nytte namnet Leverkusen på fabrikkområdet for eit postkontor. Den prøyssiske statsbanen grunnla i 1803 Eisenbahn-Hauptwerkstätte Opladen som fram til nedlegginga i 2003 var ein av dei viktigaste arbeidsgjevarane i byen ved sida av Bayer.

1. april 1930 fekk byen sitt noverande namn i samband med at Schlebusch, Steinbüchel og Rheindorf vart slått saman med Wiesdorf til byen Leverkusen. Leverkusen som industriby vask seg sterkare dei neste åra. Under den andre verdskrigen var Bayer AG (IG Farben) ein viktig del av krigsindustrien og byen vart bomba. Etter krigen vart byen gjenoppbygd. I 1963 nådde Leverkusen 100 000 innbyggjarar og vart klassifisert som storby. I 1960 hadde byane Hitdorf og Monheim vorte bydelar i Leverkusen. I 1975 følgde samanslåinga med Opladen og Bergisch Neukirchen som vart delar av Leverkusen.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Leverkusen har gode samband til det tyske motorvegnettet. Frå nordaust passerer A1 frå HamburgBremenDortmund og vidare mot Köln. A3 kryssar Autobahnkreuz Leverkusen frå Arnhem i Nederland og vidare sørover mot Frankfurt am Main og Passau ved grensa til Austerrike.

To jernbanelinjer, som begge passerer Köln går gjennom byen.

På om lag 30 minutt med bil kan ein òg nå Köln-Bonn lufthamn, òg kalla Konrad Adenauer Flughafen.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Det dominerande konsernet i byen er kjemikjempa Bayer AG som i prinsippet skapte byen. Bayer har hovudkontoret sitt her og Leverkusen har vore sentrum for føretaket sidan 1912. Det store Bayerkrossen i neon er eit tydeleg symbol for byen. Fotballaget i byen var frå byrjinga Bayer sitt bedriftslag, og Bayer har dominert byen sitt næringsliv, noko som dei seinare åra har vorte eit problem då selskapet har redusert verksemda si

Sport[endre | endre wikiteksten]

Leverkusen marknadsfører seg som die Sportstadt og har mange tyske meistrar i mellom anna friidrett, basket og handball. Sporten i byen er samla i Sportpark Leverkusen, symjehallen CaLevornia, Wilhelm-Dopatka-Halle og ishallen. TSV Bayer 04 Leverkusen har ei rekke ulike seksjonar som konkurrerer på elitenivå, mellom anna er damelaget i handball eit av dei beste i landet. I friidrett finn ein fleire olympiske vinnarar og medaljevinnarar. Fotballaget Bayer 04 Leverkusen, som i dag er registrert som selskapet Bayer 04 Leverkusen Fußball GmbH spelar i Bundesliga og har internasjonalt nivå. Laget starta som arbeidarane sitt fotballag i kjemikonsernet Bayer AG. Leverkusen har òg eit basketlag i høgaste liga, Bayer Giants Leverkusen som akkurat som fotballaget er ein del av TSV Bayer 04 Leverkusen.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Personar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Leverkusen