Libanon i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Libanon
EuroLíbano.svg
Kringkastar TL
Uttakingar
Deltaking
Deltakingar 0
Beste resultat
Verste resultat
Poeng

Libanon skulle debutere i semifinalen i Eurovision Song Contest 2005 med songen «Quand tout s'enfuit», framførd av Aline Lahoud. Landet stilte ikkje opp, sjølv om dei hadde meldt seg på. Det var fordi dei ikkje ville syna bidraget til Israel. I følgje reglane til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) skal alle land som deltek og røystar i tevlinga syne alle bidraga på direktesendt fjernsyn. Libanon vart straffa med utestenging frå tevlinga i tre år fordi dei ikkje deltok, sjølv om dei meldte seg på.

Kringkastinga av det israelske bidraget[endre | endre wikiteksten]

15. desember 2004 annonserte Télé Liban (TL) at finansielle problem tvinga dei til å trekkje seg frå tevlinga, og nekta for at det var grunna politiske konfliktar med Israel. Men fem dagar seinare, laga EBU ein avtale med TL og Libanon vart set på den offisielle lista over deltakarar.

I mars 2005 vart Israel fjerna som deltakar frå nettstaden til Libanon i Eurovision Song Contest. EBU gav TL 24 timar på å rette opp i feila, elles kunne dei risikere å verte diskvalifisert. TL fjerna alt innhald frå nettstaden og erstatta det med ein link til eurovision.tv, den offisielle nettstaden til Eurovision Song Contest.

Seinare same månad ville EBU forsikre seg at TL kom til å kringkaste heile tevlinga, inkludert det israelske bidraget, utan avbrot. TL kunne ikkje garantere dette, og 18. mars 2005 trekte dei seg frå tevlinga. I Libanon er det ikkje lov å kringkaste israelsk innhald på libanesisk fjernsyn. TL skreiv på sine nettstader at det «ikkje er tillatt å kringkaste resultata til det israelske bidraget, noko som er brot på reglane i Eurovision Song Contest 2005». Sidan TL trekte seg kort tid før tevlinga, var dei straffa med utestenging frå tevlinga i tre år.

2008[endre | endre wikiteksten]

I 2007 sa den libanesiske songaren Mika at han var interessert i å delteke for Libanon i 2008, men for ein annan libanesisk kringkastar som ikkje var utestengt. Til dømes Lebanese Broadcasting Corporation (LBC) eller Future Television kunne delteke, men ingen av dei var medlem i EBU. Han deltok aldri, og landet har ikkje gjort fleire forsøk på å delteke i tevlinga etter at utestenginga til TL opphøyrde.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
EuroUcrania.svg 2005 Aline Lahoud «Quand tout s'enfuit» Fransk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]