Land i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
██ Land som debuterte i 1950-åra. ██ Land som debuterte i 1960-åra ██ Land som debuterte i 1970-åra ██ Land som debuterte i 1980-åra ██ Land som debuterte i 1990-åra ██ Land som debuterte i 2000-åra 1: Deltok som ein del av Jugoslavia frå 1961 til 1991
2: Deltok som ein del av Jugoslavia frå 1961 til 1991 og seinare Serbia og Montenegro frå 2004 til 2005
██ Land som har delteke i tevlinga ██ Land som kan delta i tevlinga ██ Land som skulle delta i tevlinga

Land i Eurovision Song Contest gjev oversyn over land som har delteke i Eurovision Song Contest. 51 land har delteke i Eurovision Song Contest sidan tevlinga starta i 1956. Av desse har 25 vunne tevlinga. Eurovision Song Contest, organisert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), arrangeres årleg mellom medlemmane.

Tevlinga er open for alle aktive kringkastingsmedlemmar i EBU. For å vere aktivt medlem må kringkastaren vere i Det europeiske kringkastingsområde eller i eit av medlemslanda til Europarådet. Kven som kan delteke er ikkje bestemt av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje ein direkte forbindelse med Den europeiske unionen (EU). Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel som ligg i Midtausten, Kypros og Armenia som ligg i Vest-Asia og Marokko som ligg i Nord-Afrika. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av sitt territorium i Europa, delteke: Tyrkia, Russland, Georgia og Aserbajdsjan. To av landa som tidlegare har søkt om å få delteke: Libanon som ligg i Vest-Asia og Tunisia som ligg i Nord-Afrika, ligg òg utanfor Europa. Qatar som ligg i Vest-Asia har òg vist sin interesse for å delteke.

Antal land som har delteke kvart år har vakse jamnt og trutt, frå sju i 1956 til over 20 i slutten av 1980-åra. Ettersom talet deltakarar har auka, har det mellom anna vorte arrangert kvalifiseringar. I 1993 vart Kvalifikacija za Millstreet arrangert i Slovenia. Då tevla sju austeuropeiske land om dei tre siste plassane i finalen i Irland. Etter 1993 vart det bestemt at dei seks landa med dårlegast poengsum ikkje fekk delteke i tevlinga året etter. I 1996 vart det introdusert eit nytt system. Lydopptak av alle dei 29 deltakarane vart sendt til dei nasjonale juriane. Dei 22 songane som fekk høgast plassering av juriane fekk delteke i Eurovision Song Contest. Vertslandet Noreg var direkte kvalifisert til finalen. Frå 1997 til 2001 vart det nytta eit system som gjorde at det landa med lågast gjennomsnittleg poengsum over dei fem føregåande åra ikkje fekk delteke. Kvart land kunne ikkje verte halden utanfor tevlinga i meir enn eitt år, før dei fekk vere med att.

Mellom 2001 og 2003 vart systemet frå 1994 og 1995 nytta. I 2004 vart det arrangert ein semifinale. Dei ti landa høgast poengsum frå året før kvalifisert seg for finalen, saman med «Dei fire store»: dei største økonomiske bidragsytarane til EBU. Alle dei andre landa deltok i semifinalen. Ti land kvalifiserte seg frå semifinalen, og det vart då 24 land i finalen. I 2008 vart det arrangert to semifinalar der alle landa, utanom vertslandet og «Dei fire store», deltok.

Nokon land, som Tyskland og Storbritannia, har delteke om lag kvart år, i motsetnad til Marokko, som berre har delteke ei gong. To land, Tunisia og Libanon, har forsøkt å delteke, men trekte seg før finalen. Liechtenstein, som ikkje er medlem i EBU, forsøkte å delteke i 1969, 1976 og 2011 uten å lukkast. I 2010 fekk dei lov å delteke, men deltok ikkje grunna finansielle problem.

Debutår Land Deltakingar Vinnar Kringkastar
1956 EuroBélgica.svg 53 1 VRT (Tysk)
RTBF (Fransk)
1956 EuroFrancia.svg 54 5 TF1 (1956–1981)
France Télévisions (1983–i dag)
1956 EuroAlemania.svg (1956–1990)
EuroAlemania.svg (1991–i dag)
55 2 NDR (ARD)
1956 EuroItalia.svg 37 2 RAI
1956 EuroLuxemburgo.svg 37 5 CLT
1956 EuroPaíses Bajos.svg 52 4 NOS (1956–2009)
TROS (2010–i dag)
1956 EuroSuiza.svg 52 2 SRG SSR
1957 EuroAustria.svg 44 1 ORF
1957 EuroDinamarca.svg 40 2 DR
1957 EuroReino Unido.svg 54 5 BBC
1958 EuroSuecia.svg 51 4 SVR (1958)
SR (1959–1979)
SVT (1980–i dag)
1959 EuroMónaco.svg 24 1 TMC
1960 EuroNoruega.svg 50 3 NRK
1961 EuroFinlandia.svg 45 1 YLE
1961 EuroEspaña.svg (1961–1976)
EuroEspaña.svg (1977–1981)
EuroEspaña.svg (1982–i dag)
51 2 TVE
1961 EuroYugoslavia.svg (1961-1991)
EuroYugoslavia.svg (1992)
27 1 JRT
1964 EuroPortugal.svg 45 0 RTP
1965 EuroIrlanda.svg 45 7 RTÉ
1971 EuroMalta.svg 24 0 PBS
1973 EuroIsrael.svg 34 3 IBA
1974 EuroGrecia.svg (1974)
EuroGrecia.svg (1976–i dag)
32 1 ERT
1975 EuroTurquía.svg 33 1 TRT
1980 EuroMarruecos.svg 01 0 SNRT
1981 EuroChipre.svg 29 0 CyBC
1986 EuroIslandia.svg 24 0 RÚV
1993 EuroBosnia-Herzegovina.svg (1993–1997)
EuroBosnia-Herzegovina.svg (1998–i dag)
17 0 BHRT
1993 EuroCroacia.svg 19 0 HRT
1993 EuroEslovenia.svg 17 0 RTV SLO
1994 EuroHungría.svg 09 0 MTV
1994 EuroRomania.svg 13 0 TVR
1994 EuroPolonia.svg 16 0 TVP
1994 EuroLituania.svg 12 0 LRT
1994 EuroEslovaquia.svg 06 0 STV (1994–2010)
RTVS (2011–i dag)
1994 EuroRusia.svg 15 1 RTR
C1R
1998 EuroMacedonia.svg 11 0 MKRTV
2000 EuroLetonia.svg 12 1 LTV
2003 EuroUcrania.svg 09 1 NTU
2004 EuroBielorrusia.svg 08 0 BTRC
2004 EuroAlbania.svg 08 0 RTSH
2004 EuroAndorra.svg (2004–2011) 06 0 RTVA
2004 EuroSerbia-Montenegro.svg (2004–2005) 02 0 UJRT
2005 EuroBulgaria.svg 07 0 BNT
2005 EuroRomania.svg 07 0 TRM
2006 EuroArmenia.svg 06 0 AMPTV
2007 EuroGeorgia.svg 04 0 SSM
2007 EuroRepública Checa.svg 03 0 ČT
2007 EuroMontenegro.svg 03 0 RTCG
2007 EuroSrbija.svg (2007–2010)
EuroSrbija.svg (2011–i dag)
05 1 RTS
2008 EuroAzerbaiyán.svg 04 1 İTV
2008 EuroSan Marino.svg (2008–2011)
EuroSan Marino.svg (2012–i dag)
02 0 SMRTV


Innhaldsliste

Land som ikkje har delteke [endre]

Land som trekte seg [endre]

Land Notar
EuroLíbano.svg Libanon skulle debutere i 2005, men trekte seg fordi dei måtte vise bidraget til Israel. Landet fekk ein straff på tre års utestenging frå tevlinga fordi dei ikkje deltok, sjølv om dei meldte seg på.
EuroTúnez.svg Tunisia skulle debutere i 1977 og starte som nummer fire i finalen, men trekte seg ein kort stund før tevlinga utan nokon forklaring.

Land som har vist interesse [endre]

Land Notar
Flag of Algeria.svg Algerie vil delteke, men det finst motstand i landet mot å stille opp så lenge Israel er med.
EuroKazajistán.svg Kasakhstan er ikkje medlem i EBU og kan difor ikkje delteke. Den nasjonale krinkastaren sendte tevlinga i 2010.
EuroKosovo.svg Kosovo prøvde å debutere i 2009, etter sjølvstende frå Serbia, men fordi den nasjonale kringkastaren ikkje var medlem i EBU vart det stopp for planane. Sjølv om fleire land har erkjend sjølvstende til Kosovo, er det ikkje sjølvstende erkjendt internasjonalt av mellom anna Dei sameinte nasjonane (SN) og EU, noko som gjer det vanskelegare for Kosovo å verte medlem i EBU.
EuroLiechtenstein.svg Liechtenstein prøvde å debutere i 1969, men fekk ikkje lov å delteke fordi dei ikkje hadde nokon nasjonal kringkastar som var medlem i EBU. Dei hadde valt ut artist og song, sjølv om dei ikkje hadde meldt seg på. Landet prøvde også å debutere i 1976, men dei hadde enno ikkje nokon nasjonal kringkastar som var medlem i EBU, men Sveits tilbød seg å delteke med same flagg som Liechtenstein. Landet hadde valt song og artist, men fekk ikkje lov av arrangørene i Nederland til å delteke. Dei fekk lov å debutere i 2010, men deltok ikkje grunna finansielle problem. Då landet prøvde å debutere i 2011 fekk dei ikkje lov til å delteke.
EuroPalestine.png Palestina er ikkje medlem i EBU og får difor ikkje delteke. Landet har vist interesse av å delteke.
EuroQatar.svg Qatar er inaktivt medlem i EBU. Landet har vist interesse for å delteke, ettersom landet sendte ein ikkje-tevlingsdelegasjon til tevlinga i 2009.
EuroUSSR.svg Sovjetunionen har aldri delteke i tevlinga, men ville debutere i 1987. Etter at Sovjetunionen vart oppløyst, har ti av dei tidlegare sovjetiske republikkane delteke i tevlinga: Russland, Estland, Litauen, Latvia, Ukraina, Kviterussland, Moldova, Armenia, Georgia og Aserbajdsjan. Fem av landa har òg vunne tevlinga.
Flag of Wales.svg Wales har ynskja å delteke i tevlinga, og dei har arrangert ein nasjonal finale sidan 1969. Landet har derimot delteke saman med England, Skottland og Nord-Irland under namnet Storbritannia sidan 1957.

Land som ikkje har vist interesse, men kan delteke [endre]

Land Notar
EuroEgypt.png
EuroJordan.png Jordan har sendt tevlinga ved nokon tilfellar, men sensurerar bort bidrget til Israel, noko som ikkje er lov om ein skal delteke i tevlinga.
Flag of Libya (1951).svg
EuroVatican.png Vatikanstaten har ikkje interesse av å delteke fordi den nasjonale kringkastaren berre sender religiøse sendingar på latin.

Kjelder [endre]