Linares sjakkturnering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den årlege Linares sjakkturnering blir vanlegvis arrangert i månedsskiftet februar/mars. Namnet er henta frå byen Linares i Jaén-provinsen i Andalucia, Spania, der sjakkturneringa blir spela. Turneringa vart i åra 2006, 2007 og 2008 kalla Morelia-Linares sjakkturnering. Dette då første halvdelen vart avvikla i Morelia, Mexico. I 2009 foregår igjen alt i Spania.

Turneringa har nokre gongar blitt kalla sjakken sitt svar på Wimbledonturneringa i tennis eller Tour de France i sykkel. Dette er ei av dei aller sterkaste årlege turneringane, saman med Corus sjakkturnering og Dortmund sjakkturnering.

Turneringa, som blir sponsa av den spanske forretningsmannen Luis Rentero, vart første gong arrangert i 1978. Den første turneringa var inga eliteturnering, og vart vunne av den relativt ukjende svenske spelaren Jaan Eslon. Turneringa vart deretter arrangert i 1979, og så anna kvart år fram til 1987. Dette året vart det ikkje arrangert noko turnering, fordi Linares i staden arrangerte finalen i kandidatturneringa til verdsmeisterskapen i sjakk, mellom Anatolij Karpov og Andrej Sokolov. Sidan 1988 har turneringa blitt arrangert kvart år, med unntak for 1996, då verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner vart arrangert i staden.

I 1998 vart turneringa endra frå ei turnering alle mot alle, der spelarane møtte kvarandre berre ein gong, til ein dobbel alle-mot-alle turnering, der spelarane møtte kvarandre to gongar, ein gong med kvar farge. Deltakartalet vart samtidig redusert til 7.

Rentero er kjend for å vere ein sterk motstandar av raske avtalte remisar, så pass at han i 1991 hadde pengepremiar for å spele lenger parti.

Linares sjakkturnering er ei Grand Slam-turnering i sjakk, ei av turneringane som kvalifiserer vinnaren til Grand Slam-finala i sjakk i Bilbao.

Magnus Carlsen fekk sitt gjennombrot i verdseliten i sjakk, då han første gong deltok i Morelia-Linares-turneringa i 2007. Han tok ein delt andreplass i turneringa, med 7,5 poeng på 14 parti, etter å ha vunne 4 parti mot etablerte verdsstjerner, tapt 3 og spelt 7 remis. Eit høgdepunkt var sigeren mot dåverande verdseinar og tidlegare verdsmeister i sjakk Veselin Topalov.

I 2008 bekrefta Magnus Carlsen sin plass i verdseliten, no ved å ta andreplassen åleine, med 8 poeng av 14 moglege, etter 5 sigrar, 3 tap og 6 remisar. Høgdepunkta denne gongen var at han vann begge partia mot Veselin Topalov, og eit fint parti mot Levon Aronian.

Også i 2009 gjorde Magnus Carlsen det godt i Linares, med ein udelt tredjeplass med 7,5 poeng av 14 moglege. Høgdepunkta denne gongen var vinstar mot verdsmeisteren i sjakk Viswanathan Anand og mot turneringsvinnaren Aleksander Gristsjuk.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]