Linda B. Buck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Linda B. Buck

Dr. Linda B. Buck (fødd 29. januar 1947) er ein amerikansk biolog. Ho vart tildelt Nobelprisen i medisin for 2004 saman med Richard Axel for studiane sine av luktreseptorar.

Buck og Axel skreiv først om det banebrytande arbeidet sitt, som opna vegen for å analysera luktemekanismanegenetisk og molekylært nivå, i 1991. Dei påviste at luktreseptorar høyrde til var G-proteinkobla reseptorar. Ved å analysera rotte-DNA slo dei fast at det finst rundt tusen ulike gener for luktreseporar i genomet til pattedyra.

Linda Buck vart fødd i Seattle i den amerikanske delstaten Washington. Ho tok bachelorgrad i psykologi og mikrobiologi i 1975 ved universitetet i byen, og tok doktorgrad i mikrobiologi ved University of Texas i Dallas i 198. Deretter arbeida ho for Richard Axel ved Columbia University i New York. Ho arbeider no ved Fred Hutchinson Cancer Research Center med tilknytting til University of Washington og Howard Hughes Medical Institute.

Hovudinteressa til Buck er korleis nasen oppfattar lukter og feromonar, og korleis hjernen tolkar dei. Ho ser òg på mekanismane bak aldring gjennom å studera puberteten til mus og livsløpet til nematoden Caenorhabditis elegans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]