Lindsay Kemp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lindsay Kemp

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 3. mai 1938
South Shields
Død

24. august 2018 (80 år)
Livorno

Yrke koreograf, skodespelar, ballettdansar, pantomimekunstner, filmskodespelar, teaterskodespelar, dansar, pedagog
Lindsay Kemp på Commons

Lindsay Kemp (3. mai 193825. august 2018)[1] var ein britisk dansar, skodespelar, lærar, mimikar og koreograf. Stilen til Kemp er ei blanding av butoh, burlesk, pantomime, dragshow og varieté.

Lindsay Kemp var fødd i South Shields i Nord-England i 1938. Far hans var sjømann, og blei borte på sjøn i 1940. Som åttearing blei Kemp send til kostskulen Bearwood College i Berkshire.[2] Etter endt skulegang budde han ei tid i Bradford, der mora hadde flytta, og blei mellom anna kjend med kunstnaren David Hockney.[2] Seinare budde han i London, Barcelona og deretter til Italia, der han hadde bustader i Roma og Todi.[2]

Kemp studerte dans med Hilde Holger og pantomime med Marcel Marceau.

Kemp blei først ein dansar ved Ballet Rambert i London. Han danna sitt eige dansekompani tidleg i 60-åra og vart først kjend etter ei oppvising på Edinburgh-festivalen i 1968. Stykket han viste der, Flowers, bygde på Our Lady of the Flowers av Jean Genet og blei vist i London, New York og Australia. Stykket hadde ein tydlege homofil profil, og blei raida av politiet fleire gonger. Seinare verk er Salome, A Midsummer Night's Dream, Alice in Wonderland, Nijinski, Onnagata og Dreamdances.[2]

Kate Bush og David Bowie studerte begge hos Kemp og var ei kort tid medlem av kompaniet hans - Bowie som artist, Bush som garderobeassistent.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Lindsay Kemp i 1979.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vanessa Thorpe (25. august 2018). «British choreographer and mime Lindsay Kemp dies». The Observer. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Smith, Rupert (30. januar 2002). «Lindsay Kemp talks to Rupert Smith about his outrageous career». The Guardian. Henta 2. februar 2016.