Logroño

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logroño
Flagget til Logroño Byvåpenet til Logroño
Flagget til Logroño Byvåpenet til Logroño


Plassering
Logroño is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region La Rioja
Provins La Rioja
Grunnlagd 1095
Borgarmeister Tomás Santos
Geografi
Flatevidd
 - By

79,57 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

150 071
  1 886 /km²
Koordinatar 42°27′″N 2°26′″WKoordinatar: 42°27′″N 2°26′″W
Høgd over havet 384 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 26001-26009
Nettstad: www.logroño.org

Logroño er ein by nord i Spania ved elva Ebro. Han er hovudstad i den autonome regionen La Rioja, tidlegare kalla provinsen Logroño.

Byen har kring 150 000 innbyggjarar og er handelssenter for Rioja-vinen, som området er kjend for. Her vert òg produsert tømmer, metall og tekstilar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Logroño ligg nord i regionen La Rioja, ved elva Ebro, 384 meter over havet. Camino de Santiago går gjennom byen. Byen ligg 152 km frå Bilbao, 336 km frå Madrid og 468 km frå Barcelona.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Puente de Piedra.

Logroño er ein gammal busetnad, først under romarane med namnet Vareia, og så av keltarar. Frå 900-talet kjempa Kongedømet Navarra og Kongedømet Castila om byen. Regionen vart til slutt annektert av Castilla. Alfonso VI av Castilla gav Logroño byrettar i 1095 som fungerte som modell for andre spanske byar. I 1609 og 1610 var Logroño hovudsete for inkvisisjonen, der påståtte baskiske heksar vart brent.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Logroño

Kjelder[endre | endre wikiteksten]