Lorenzo Valla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lorenzo Valla

Lorenzo (Lavrentius) Valla (utt: vˈalla) (14071457) var ein italiensk humanist, filolog og retorikar.

Frå 1431 var han professor i retorikk ved Universitetet i Pavia. Som professor skreiv han to bøker, De voluptate og De libero arbitrio, som gjekk til åtak på den rådande skolastiske filosofien. For dette møtte han sterk motstand, og blei tvungen til å seie frå seg professorstillinga. I 1435 blei han tilsett som sekretær hjå den humanistisk innstilte spanskekongen Alfonso V. Medan han var i denne stillinga skreiv han sitt mest kjende verk, Elegantiarum latinae linguae, kvar han med ein skarp polemisk penn gjer narr av dei svake latinkunnskapane i samtida, og gjev ei utførleg framstilling i riktig språkbruk i overeinskomst med klassiske mønster. Boka si verde ligg i at ho medverka i atterreisinga av klassisk latin, med andre ord latinen slik den blir brukt av forfattarar som til dømes Cicero, som stilideal.

Han vekte også oppstyr med boka De falso credita et ementita Constantini donatione, der han prova at Det konstantinske gåveskriftet, som var Kyrkjestaten sitt prov på at Konstantin den store hadde gjeve Pave Sylvester I den verdslege makta i Vestromarriket300-talet, var eit falsum. Valla var kritisk til den manglande historiske kompetansen til kommentatorar i mellomalderen. Kommentatorane gjorde ifølgje Valla feil når dei gjekk ut frå at latinske ord og omgrep hadde same tyding i antikken som i mellomalderen: Uttrykka i teksten hadde oppstått under andre historiske og samfunnsmessige tilhøve, og kommentatorane mistolka tekstane fordi dei ikkje hadde tilstrekkeleg kjennskap til tekstens historiske opphav. I analysen av gåveskriftet gjekk han fram ved hjelp av filologisk metode. Først syner han korleis brevet er skrive på dårleg latin, og samanliknar språkføringa i dokumentet med ein seinare forfattar, for på den måten å syne at det ikkje var mogleg å skrive ein slik latin på 300-talet. Vidare provar Valla at det ikkje kan stemme når gåveskriftet seier at patriarken i Konstantinopel skal underordnast paven i Roma, fordi det på det aktuelle tidspunktet ikkje fanst ein patriark i Konstantinopel. Byen var ikkje ein gong kristna på 300-talet. Han viser òg til fleire anakronismar, som til dømes bruken av uttrykket satrap om romerske embetsmenn, som ikkje var i bruk i Roma før på 800-talet.

Provinga av gåveskriftet som eit falsum gjorde at Valla hamna i strid med kyrkja, og ei tid var han i fare for å bli utsett for inkvisisjonen. men då den humanistvennlege Nikolaus V blei pave i 1447, blei han i staden utnemnd til scriptor hjå pavestolen. Han omsette òg skrifter av forfattarar som Herodotos og Thukydides, og underviste i retorikk.

Valla var ein av dei mest sentrale rensessansehumanistane, og den filologiske framgangsmåten hans fekk vidfemnande verknad for seinare kjeldekritikk. Tankane hans var mellom anna ein viktig inspirasjon for tekstkritikarar under reformasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Krogh, Thomas. Med bidrag av Rolf Theil Endresen, Irene Iversen og Ragnhild Evang Reinton. Historie, forståelse og fortolkning: De historisk-filosofiske fags fremvekst og arbeidsmåter. 4. utg. Oslo: Gyldendal, 2003.
  • Denne artikkelen baserer seg delvis på det danske Salmonsens konversationsleksikon 2. utgåve (1915–1930).
  • «Lorenzo Valla» i Store norske leksikon, snl.no.