Pave Sylvester I

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sylvester I
Sylvester I and Constantine.jpg
Pave Sylvester 1. med Konstantin den store
Fødd Ukjend
Død 31. desember 335
Innsett 31. januar 314
Føregjengar: Miltiades
Etterfylgjar: Markus

Pave Sylvester 1. (død 31. desember 335) vart pave etter Miltiades i januar 314 og regjerte til han døydde. Han var den paven som har sete åttande lengst i tid.

Oppteikningane om pavedømmet hans i Liber Pontificalis frå det 7. eller 8. hundreåret og hos Anastasius er stort sett berre ei oppramsing av dei gåvene som keisar Konstantin den store skulle ha gitt til den romerske kyrkja.

Sylvester var representert ved det første konsilet i Nikea og det blir vidare fortald at han heldt eit konsil i Roma, der han fordømte kjetteriet frå Arius og andre.

Legenda om at han skulle ha døypt Konstantin er ikkje korrekt, då samtidige vitnemål syner at keisaren mottok dåpen i nærleiken av Nikomedia av Eusebius, biskop i denne byen.

Ifølge Ignaz von Döllinger kan heile legenda om Sylvester og Konstantin med alle detaljane om Konstantins spedalskheit og påståtte bad i blod ikkje vere sett saman seinare enn ved utgangen av det 5. hundreåret, sjølv om den blir kopla til Gregor av Tours og Beda. Den såkalla Konstantins gåve vart lang tid forvegen sett på som ei forfalsking, og dokumentet var etter von Döllingers oppfatting skapt i Roma mellom 752 og 777. Pave Adrian I kjente det i 778, og det vart inkorporert i dei falske dekreta nær midten av det påfølgjande hundreåret.

Sylvester vinn over ein drake og gjenoppliver ofra hans.

Sylvesters legendariske band til Konstantin hadde betydning i mellomalderen: Pave Sylvester II (999-1003) som sjølv hadde tette band til keisar Otto 3., valde namnet Sylvester som ei etterlikning av Sylvester 1.

På grunn av Sylvesters død og etterfølgjande namnedag 31. desember, blir Sylvester fleire stader nytta om nyttårsafta.

Relikvia etter Sylvester finst i San Silvestro in Capite-kyrkja i Roma.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pave Sylvester I