Lough Gowna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lough Gowna
Lough Gowna is located in
Stad På grensa mellom County Longford og County Cavan
Koordinatar 53°51′N 07°32′WKoordinatar: 53°51′N 07°32′W
Type innsjø Morenesjø
Tilsig Erne
Utsig Erne
Tilknytte land Irland Irland
Øyar Inchmore
Busetnadar Loch Gowna, Colmcille, Mullinalaghta, Dromard, Mullahoran

Lough Gowna (Loch Gamhnairsk, tyder Kalvesjøen) er ein innsjø (på engelsk lough) i Republikken Irland. Han er den øvste innsjøen langs elva Erne og ligg på grensa mellom County Longford og County Cavan, med den største delen av innsjøen i Longford.

Lough Gowna er ein morenesjø danna på slutten av den siste istida og den uregelmessige forma kjem av drumlinlandskapet som ligg under. Dette landskapet har danna mange bukter og viker i innsjøen ofte knytt saman via smale sund. Elva Erne renn ut i den austlege delen av innsjøen (lokalt kalla Derries Lough) og renn vidare i nord gjennom County Cavan. Fleire andre småelvar renn òg ut i innsjøen. Grensa mellom grevskapa ligg i den nordvestlege delen av innsjøen.

Den nordvestlege og den sørvestlege delen av innsjøen er forbunde til kvarandre via eit smalt sund ved Dernaferst (eit distrikt på vestsida av innsjøen (Longford), men som høyrer til County Cavan). Ved den nordlege og austlege breidda er innsjøen omringa av torvmyr, medan ein finn planta skog i sør.

Innsjøen inneheld ei stor øy i sørvest kalla Inchmore (Inis Mór på Irsk, tyder «Storøya») der det låg eit kloster på 500-talet grunnlagd av St. Colmcille. Klosteret vart plyndra og brend av vikingar i 804. På 1100-talet tok augustinarordenen over klosteret fram til opphevinga av klostera av Henrik VIII i 1543. Staden vart framleis brukt som gravplass av dei lokale innbyggjarane fram til tidleg på 1900-talet. Restane av klosteret står framleis på øya. Ei kyrkjeklokke som visstnok var frå klosteret vart funne på 1800-talet og heng i dag i den romersk-katolske kyrkja i den nærliggande landsbyen Aughnacliffe.

Namnet på innsjøen kjem frå ei segn om ein overnaturleg kalv som rømde frå ein brønn i distriktet Rathcor, sør for innsjøen, og sprang nordover med ein straum av vatn etter seg, som flauma over området som i dag utgjer innsjøen.

Innsjøen har gjeve namn til landsbyen Loch Gowna på nordaustsida i County Cavan. Det opphavlege namnet på landsbyen var Scrabby (Screabach på irsk), og gav namn til distriktet og soknet som han er ein del av. I 1950 vart det derimot føretatt ei folkeavstemming i landsbyen og det offisielle namnet vart endra til Loch Gowna. Landsbyen er eit senter for turisme i området.

Andre sokn ved innsjøen er Colmcille vest og sør for innsjøen, Mullinalaghta i aust og Dromard heilt nordvest, alle i County Longford. Mullahoran heilt i aust, der Erne renn ut i innsjøen, ligg i County Cavan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]