Louis Anquetin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louis Anquetin

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 26. januar 1861
Étrépagny
Død

19. august 1932 (71 år)
Paris

Yrke kunstmålar, litograf, produsent
Språk fransk
Medlem av Société nationale des beaux-arts
Louis Anquetin på Commons
Sjølvportrett med pipe, 1892
Gate i Clichy, klokka fem på ettermiddagen, 1887

Louis Anquetin (26. januar 186119. august 1932) var ein fransk målar, som vert knytt til dei mindre utbreidde kunstrørslene syntetismen og cloisonismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Anquetin var frå Étrépagny i regionen Haute-Normandie i Frankrike, og vart utdanna ved Lycée Pierre Corneille i Rouen. Han reiste til Paris i 1882 og byrja studere kunst i atelieret til Léon Bonnat, der møtte han Henri de Toulouse-Lautrec. Dei to ungdomane gjekk sidan i lære i verkstaden til Fernand Cormon. Hos Cormon vart dei kjende med Émile Bernard og Vincent van Gogh, noko som opna for nye vennskap.

Rundt 1887 utvikla Anquetin og Bernard ein målestil som nytta seg av flate felt med farge, med tjukke, mørke konturar ikring. Stilen, som vart kalla cloisonisme, henta inspirasjon frå både glasmåleriet og den japanske ukiyo-e-sjangeren. Eit verk som Gate i Clichy, klokka fem på ettermiddagen, seiest å ha inspirert Vincent van Gogh til å måle Kaféterrasse ved kveld.

Anquetin gav tidleg opp dei moderne stilane og kunstrørslene, i staden tok han til å studere gamle, store meistrar. Til dømes viser eit verk som Rinaldo og Armida, frå siste halvparten av 1890-talet, sterk påverknad frå Peter Paul Rubens. Seinare i livet skreiv Anquetin ei bok om Rubens, publisert i 1924.

Interessa for kunstverka til Anquetin minka i offentlegheita då han sa farvel til dei moderne stilretningane. Han døydde i Paris i 1931.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]