Ludvig Kristensen Daa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ludvig Kristensen Daa

Ludvig Kristensen Daa (19. august 180912. juni 1877) var ein norsk historikar, journalist og politikar. Daa kan forvekslast med sine slektningar Ludvig Daae og Ludvig Daae (1834–1910).

Daa var fødd i Saltdal, der far hans var prest. Han gjekk på Bergens katedralskule, der han vart student i 1826. Det påfylgjande året var han huslærar hos statsråd C. Krogh i Trondheim, deretter lærar ved Møllers institutt i Kristiania. I 1834 vart han cand. philol. ved universitetet.

I 1830-åra stod Daa saman med Henrik Wergeland i spissen for fornorskinglinja mellom studentane, og hevda utprega liberale synspunkt.

1835-37 var han konstituert dosent i historie og geografi ved universitetet. Han var einstemmig innstilt til dosenturet, det gjekk i staden til Peter Andreas Munch. Daa la då ut på reise til London og Paris for å studere statsøkonomi. Han søkte i 1837 stilling som lærar i statistikk, og vart innstilt av kollegiet, men jobben gjekk til Anton Martin Schweigaard.

Han var så statsrevisor 1839-51, og stortingsarkivar 1845-71. Samstundes, 1852-62, arbeidde han som adjunkt og overlærar ved Kristiania katedralskole. I 1862 vart han lektor og i 1867 professor i historie. Han var styrar av etnografisk museum frå 1863. Daa skreiv verk som omhandla historie, etnografi, geografi og om samfunnsøkonomiske spørsmål.

Daa hadde størst innverknad som journalist og politikar. 1840-43 gav han ut bladet Granskeren, eit organ som arbeidde for å danne ein sterk liberal opposisjon og for innføring av reformer i europeisk «nasjonalliberal» retning.

1842 og 1845 hadde Daa sete i stortinget for Akershus amt, i 1845 var han odelstingspresident og formann i konstitusjonskomiteen. År 1854 representerte han Kristiania på stortinget, var då formann i komiteen om stortingsbygniga. På stortinget slutta Daa seg til bondeopposisjonen og var ei tid ein av dei leiande i denne. I fleire viktige saker tok han avstand frå bondegrupperinga, sidan denne i hovudsak kjempa for sine standsinteresser. Han kom slik på kant med andre i opposisjonen og låg jamnt i strid i pressa. Ved stortingsvala for 1865-66, 1868-69 og 1871-73 nådde han ikkje høgare enn 1. varamannsplass.

Daa heldt fram som journalist livet ut, dels som redaktør for Christianiaposten, dels som utgjevar av Den norske tilskuer (1851-53) og Tidstavler (1872-76). I sine artiklar i Christianiaposten viste han stor forståing for arbeidarrørsla 1848-49 og støtta tanken om Slesvigs deling etter nasjonalitetsprinsippet, sjølv om han var ivrig skandinavist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia