Lug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lug på klassisk irsk, i mellomalderen Lugh, på moderne irsk , er ein keltisk gud kjent frå Irland. Han har lenge vore rekna som den keltiske solguden. Trass i at namnet på gamalirsk tyder ljos, er det noko diskusjon om han var rekna som ein personifisering av sola.[1][2] Det er uvisst om Lug er den same guden som hjå gallarane blei kalla Lugos eller Lugus. Lug har ein parallell i den walisiske Lleu Llaw Gyffes. Han er ofte rekna som parallellgud til Apollon og Merkur.

Lug, Lugos og Merkur[endre | endre wikiteksten]

Det finst få skriftlege primærkjelder for dei keltiske gudenamna og kva dei stod for. Mykje av det skriftlege materialet for keltisk mytologi finn ein hos romarane, mellom anna Gallarkrigen av Julius Caesar. Der finn ein dei galliske gudane nemnt med namna til romerske gudar, som «gallisk Apollon», «gallisk Jupiter» osb. I kva grad omtalen av den lokale guden er farga av oppfattinga hans av den romerske gude veit me ikkje. Guden Caesar omtalar som «gallisk Merkur» skal vera opphavet til all kunst, vegleiar på reiser og sentral i handel. Moderne forskarar trur det dreier seg ein av dei to galliske gudane Erriapus eller Lugos/Lugus. Den siste guden finn ein att i det romerske bynamnet Lug(u)dunum, som har blitt til dei moderne bynamna Lyon, Laon, Loudon, Leiden, Liegnitz og andre. Det er blitt hevda at Lugos/Lugus og Lug er same guden, men dette finst det ikkje prov på.

Helt og gud[endre | endre wikiteksten]

Lug Lámfhota (Lug med den lange armen) og Lug Samildánach (Lug tusenkunstnaren) som er to av tilnamna hans, er ein av dei mest kjende gudane i irsk mytologi. I det som er dokumentert av irsk mytologi er det vanskeleg å setja eit absolutt skilje mellom gudar og menneske[3]. Den eldste samlinga av mytar om gudar og opphavet til irane, er Lebor Gabála Érenn (Boka om erobringa av Irland), oftast forkorta til Lebor Gabála, med moderne staving Leabhar Gabhála. Denne samlinga er sett saman av skrifter frå tida mellom det åttande og ellevte hundreåret etter Kristi fødsel. (Irland blei kristna mellom det fjerde og det sjuande hundreåret[4]) Boka fortel om korleis Irland skal ha blitt erobra av fleire ulike folk etter kvarandre. Dei gamle heidenske gudane er prøvd gjort til historiske personar i desse forteljingane, til heltar frå fortida. Dette gjer at dei truleg ikkje gjev eit rett bilete av den førkristne trua.

Lug er, saman med Cúchulainn og Fionn mac Cumhaill, ein av dei tre store heltane i den tidlege irske litteraturen. Tilnamnet «med den lange armen» skuldast ikkje anatomien, men at han kasta spyd og andre våpen særs langt. Lug høyrde til stamma Túatha Dé Dannan som låg i stadig konflikt med fomorane, ein slags sjørøvarar. Etter ei innfløkt historie er halbroren til Lug, Bres, blitt konge over Túatha Dé Dannan, men svik dei og går over til fomorane. Kongen over fomorane, Balor, har berre eit auge, men dette er så svært at fire mann må opne augelokket med staur. Alle som ser auget døyr. Balor er trass fiendskapen mellom stammane morfar til Lug og farfar til Bres. I eit voldsamt slag blir fomorane kasta ut av Irland for godt, og Lug drep Balor med eit spyd eller ein slyngestein gjennom auget. Skildringa av dette andre slaget ved Mag Tuired (skildra i manuskriptet Cath Maige Tuired) er knytt til mykje av stoffet frå Lebor Gabála. Historikarar har tolka konflikten mellom stammane og drapet på morfaren både som ekko av verkelege slag eller konfliktar og som minne om korleis trua på ein gud tok over for ein annan.

Lug i moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Han har festen sin Lugnasad (seinare kalla Lughnasa) 1. august. Månaden august, Lúnasa på moderne irsk, er kalla opp etter denne festen. Datoen 1. august er ei moderne oppfinning, opphavleg var det ein gong mellom 15. juli og 15. august. Festen var ein fest for innhausting og ein av dei fire festdagane, saman med samain (1. november), imbolc (1. februar) og bealtaine (1. mai).

Historier om Lug[endre | endre wikiteksten]

Korleis Lug vart fødd[endre | endre wikiteksten]

Eit irsk eventyr fortel korleis Ethniu (eller Ethlinn), dotter av Balor, vart stengd inne av far sin, av di det vart spådd at han skulle miste livet ved handa til eit barnebarn. Ethniu vart halden i eit høgt tårn, kalla Tor Mór, på Tory Island. Ethlinn skulle vaktast av tolv terner, som skulle hindre henne i å møte nokon mann, eller få visse om at karfolk fanst i det heile. Ethniu voks opp og vart ovende fager.

I Irland var det so tre brør, kalla Cian, Sawan og Goban smeden, (Goibniu, den keltiske gudesmeden). Kian hadde ei fortrolla ku, med ei mjølk som var so rik at alle ville eige denne kua. Balor ville òg ha ho, og stal kua frå Kian og broren Sawan. Kua vart teken til Tory Island. Dette ville Kian hemne, og leita opp ei druide-kvinne, kalla Birog. Han kledde seg i kvendeklede, og vart hjelpt inn til ternene hennar Ethniu, og vann snart fram til henne. Druidekvinna sytte for at alle ternene sovna, medan Cian og Ethniu møttest og fann kvarandre. Som tida gjekk fødde Ethniu tre søner, og då Balor høyrde dette, vart han vreid. Han baud at dei skulle druknast utanfor kysten av Irland. Eit av borna fall ned på stranda og vart berga, dei andre to vart drukna. Birôg berga det siste barnet, og førte det til Cian, som fekk det fostra hjå broren Goban. Dette barnet var Lug.

Sigeren over fomorane[endre | endre wikiteksten]

Lug synte seg første gongen etter det første slaget ved Mag Tuired, der kong Nuada, føraren for Tuatha Dé Danann (Stamma til gudinna Dana) miste handa si. Lug synte seg som ein unggut som hevda han kunne gjera kva det skulle vera. Han fortalde i rekkjefølgje at han var snikkar, smed, krigar, harpespelar, krigar nok ein gong, skald og sogeseier, trollkyndig, lækjar, skjenkjarsvein og endeleg bronsesmed. Då vakta nekta han inngang trass i alt dette bad han at vakta skulle spørja kongen om det var nokon som kunne alt dette på ein gong, og vart sloppen inn. Han kalla seg meister i alle kunster. Han fortalde og at han var sonen til Cian og Ethniu, dotter av kjempa Balor.

I det andre slaget ved Mag Tuired vart Balor drepen av Lug. Ei soge fortel at han nytta ei slynge og sende ein fortrolla stein rett i synet på Balor slik at auget hans vart blinda av det. Då Balor døydde, vann Tuatha Dé Danann over fomorane. Det var Lug, Dagda og Ogma som jaga fomorane etter slaget og fekk freden attende til Irland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. James MacKillop: Myths & legends of the Celts, Penguin, 2005.
  2. Thomas Rolleston: Myths & legends of the Celts, senate 1998.
  3. Marie-Louise Sjoestedt: Gods and heroes of the celts, først utgjeve på fransk 1940, omsatt til engelsk 1949, nyutgåve Turtle Island Foundation, 1982
  4. Michael Richter: Medieval Ireland: The enduring tradition. New Gill History of Ireland, book 1. Dublin, 1988.