Mánihalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Hellas som viser Mánihalvøya.

Mánihalvøya (gresk Μάνη, Máni), òg kalla Maina eller Maïna, er ein region i Hellas. Máni er den sentrale halvøya av dei tre som strekkjer seg sørover på Peloponnes sør i Hellas. Aust for halvøya ligg Lakoníabukta og i vest Messiníabukta. Halvøya er ei fortsetjing av Taýjetosfjella, den vestlege fjellkjeda på Peloponnes.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Terrenget på halvøya er fjellendt og kupert. Namnet Máni meiner ein opphavleg skal ha tydd «tørt» eller «trelaus». Fram til dei siste åra kunne ein berre nå mange av landsbyane på Máni med båt. I dag går det ein smal og svingete veg langs vestkysten frå Kalamáta til Areópoli, så sørover til Kapp Ténaro før han snur nordover til Jýthio.

Máni vert ofte delt inn i tre område:

  • Éxo Máni (Έξω Μάνη) eller Ytre Máni i nordvest
  • Káto Máni (Κάτω Μάνη) eller Nedre Máni i aust
  • Mésa Máni (Μέσα Μάνη) eller Indre Máni i sørvest.

Ein fjerde region kalla Vardoúnia (Βαρδούνια) i nord vert òg stundom tatt med.

Administrativt er Máni delt mellom prefektura Lakonía (Káto Máni, Mésa Máni) og Messinía (Éxo Máni) i perifierien Peloponnes, men i antikken høyrte heile halvøya til Lakonía i distriktet dominert av Sparta. Den messiniske delen av Máni (óg kalla aposkiaderí, lokalt uttrykk som tyder «skuggefull») får noko meir regn enn den lakonske delen (kalla prosiliakí, lokalt uttrykk som tyder «solrik») og er derfor frodigare.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kysten av Mánihalvøya.

Homer nemner fleire byar på Mánihalvøya og ein har funne ting frå den mykenske perioden. Området var okkupert av dorianarar rundt år 1200 fvt., og vart underlagt Sparta. Då Sparta mista makta si på 200-talet fvt. vart Máni ei tid sjølvstyrt før ho vart ein del av Romarriket på 100-talet fvt.

Då det gjekk nedover med Austromarriket på 800-talet evt, hadde ikkje riket lenger kontroll over området. Festningane på Máni i sør vart sentrum i området. Dei neste hundreåra kjema austromarane, frankarane og sarasenarane om halvøya.

Etter det fjerde krosstoget i 1204 okkuperte italienske og franske riddarar (kalla frankarar av grekarane) delar av Peloponnes. I 1249 vart Máni okkupert av venetianarane, som gjorde ho til eit av tolv baroni i Fyrstedømet Morea og bygde festningane Mystrás, Passavas eller Las, Gustema (Beaufort) og Megali Maini.

I 1460, etter Konstantinopels fall, vart Mystrás ein del av Det osmanske riket, men i byte for ein årleg skatt fekk Máni halde på sjølvstyret sitt. Lokale høvdingar eller beyar styrte Máni på vegne av osmanarane. Då makta til Det osmanske riket vart svekka, vart fjella på Máni ein skanse for kleftarane, bandittar som óg kjempa mot osmanarane.

Den siste beyen av Máni, Petros Mavromichalis, var av ein av leiarane i den greske sjølvstendekrigen. Han starta opprøret i Areopoli 17. mars 1821. Då Hellas vart sjølvstendig ynskja maniotane igjen sitt lokale sjølvstyre. Under Ioannis Kapodistrias brukte dei vald mot inngrep utanfrå og tok til slutt livet av Kapodistrias.

Máni sitt lokale sjølvstyre vart gjeve opp i 1870 og området vart gradvis ei bakevje då innbyggjarane emigrerte. Det var først i 1970-åra, då nye vegar førte til auka turisme, at Máni igjen byrja å få auka folketal og vart velståande.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°42′29″N 22°26′03″E