Kalamáta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kalamáta
Lokalt namn: Καλαμάτα
Geografi
2011 Dimos Kalamatas.png
Stad Peloponnes
Koordinatar 37°02′N 22°07′EKoordinatar: 37°02′N 22°07′E
Areal 442,7 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Peloponnes
Messinía
Hovudsete Kalamáta (54 100 innb.)
Demografi
Folketal 69 849 (2011)
Folketettleik 158,6 /km²

Kalamáta (gresk Καλαμάτα), eldre form Kalamai, er ein by på Peloponnes i Hellas. Han er ein kommune i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes og er hovudstad i periferieininga.

Kalamáta ligg om lag 60 km søraust for Kyparissía, 120 km søraust for Pýrgos, om lag 80 km sørvest for Trípoli, om lag 60 km vest for Spárti, nordvest for Areópoli og om lag 8 km aust for Messíni. Byen har i dag oppunder 60 000 innbyggjarar.

Byen har ein internasjonal flyplass og ei viktig hamn. Frå her kan ein nå den greske øya Kýthira.

Messiníabukta, der Kalamáta ligg, har fleire lange strender. Fjella Taýjetos ligg 4 km aust for Kalamáta.

Oliven og olivenolje er viktige eksportvarer frå Kalamáta.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Den tidlegare kommunen Kalamáta, no kommunaleininga Kalamáta

Historie[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til mange andre greske byar har ikkje Kalamáta ei historie tilbake til antikken. Messíni, som òg ligg i Messinía, er ein antikk stad. Frå 1681 styrte venetianarane Kalamáta. 23. mars 1821 vart Kalamáta den første byen som vart frigjort frå den osmanske okkupasjonen som varte i over 300 år. Greske opprørsstyrkar under generalane Theodoros Kolokotronis, Petros Mavromikhalis og Papaflessas. I 1825 øydela Ibrahim Pasha byen under den greske sjølvstendekrigen. Kalamáta vart bygd opp at og vart ei av dei viktigare hamnene i Middelhavet. Det nest eldste handelskammeret i Middelhavet, etter det i Marseille, ligg i Kalamáta.

29. april 1941 vart det utkjempa eit slag nær hamna mellom dei invaderande tyske styrkane og ein newzealandsk divisjon. Etter den andre verdskrigen, av politiske årsaker, vart Kalamáta og Peloponnes ikkje teke med i regjeringa sine utviklingsplanar, som heller fokuserte på Nord-Hellas. Dette gjekk utover den lokale økonomien og hamna, og dermed byen, vart mindre viktig. Først etter at byen vart hardt råka av eit jordskjelv 13. september 1986 gjekk styresmaktene inn med midlar for å få byen på fote att. Kalamáta er derfor i dag ein moderne hovudstad med alle fasilitetar og gode, og har mellom anna eit av dei mest moderne sjukehusa i Hellas.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]