Møsvatn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Møsvatn | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Tinn, Vinje (Telemark) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 78,31 km² (ved full reguleringshøgd) |
| Kystlengd1 | 179,28 km |
| Høgd over havet | 919 m |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Møsvatn er ein innsjø som i hovudsak ligg i Vinje kommune i Telemark. Innsjøen er ein del av Skiensvassdraget. Langs breidda er det funne ei mengde spor frå steinalderen, og her finst òg nokre av dei høgastliggande fjellgardane i Noreg.
Innsjøen er ei viktig ferdselsåre for fastbuande og turistar. Han vert trafikkert av rutebåt om sommaren og snøscooter om vinteren. Møsvatn vart regulert i åra frå 1903. Olav Heggstad leia arbeidet med denne reguleringa.
Møsvatn er demd opp av Møsvassdammen og Torvehovdammen og er hovudmagasin for Frøystul kraftverk. Innsjøen er den tredje største i Noreg med ein kapasitet på 1066 millionar m³.
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Møsvatnet sett frå Holvik i Tinn kommune
Foto: Tommy Gildseth