Ma'anshan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ma'anshan (gul) i Anhui

Ma'anshan (kinesisk: 马鞍山; pinyin: Mǎ'ānshān) er eit byprefektur aust i provinsen Anhui i Kina, på grensa mot Nanjing i provinsen Jiangsu. Prefekturet har eit areal på 4 042 km² og 2,28 millionar innbyggjarar. Etter august 2011 omfattar byprefekturet Ma'anshan tre distrikt og tre fylke.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Stålindustri er hovudnæring, konsernet Magang («Mastål») har over 100 000 tilsette. Byen Ma'anshan ligg på begge sider av Chang Jiang og har ein heil del skipsindustri.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Han tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Vgen går gjennnom byar som Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou.

Utsyn over det sentrale Ma'anshan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]