Magadan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magadan
Магадан
Horisonten til Magadan
Horisonten til Magadan
Flagget til Magadan Byåpenet til Magadan
Flagget til Magadan Byvåpenet til Magadan


Plassering
Magadan is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Magadan oblast
Grunnlagd
Bystatus
1929
1939
Borgarmeister Vladimir Petsjony
Geografi
Flatevidd
 - By

180 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2010)
   - folketettleik

95 925
  532,9 /km²
Koordinatar 59°34′00″N 150°48′00″EKoordinatar: 59°34′00″N 150°48′00″E
Høgd over havet 70 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MAGT (UTC+11)
MAGST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 685000–685031
Retningsnummer (tlf) (+7)4132
Nettstad: www.magadangorod.ru

Magadan (russisk Магада́н) er ein by og administrasjonssenter i Magadan oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg ved Tauiskbukta i Okhotskhavet, rundt 6 000 km aust for Moskva.

Byen vart grunnlagt på 1930-talet, på same stad som ein tidlegare busetnad frå 1920-talet og han fekk bystatus i 1939. Han vart administrasjonssenter i Magadan oblast i 1953.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for Magadan
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C −13,8 −12,7 −7,9 −1,5 5 11,3 14,8 15 10,3 1,7 −7,2 −12,4 0,2
Døgnmiddeltemperatur °C −16 −15,4 −11,2 −4,5 2,3 8,3 12,3 12,4 7,6 −0,8 −9,5 −14,6 −2,4
Gjennomsnittleg min °C −18,2 −18 −14,4 −7,4 −0,5 5,3 9,7 9,8 5 −3,2 −11,9 −16,7 −5
Gjennomsnittleg nedbør mm 15,7 13 16,8 32,1 36,6 46,5 73,1 97,8 84,5 75,5 58,1 25,1 574,8
Kjelde: Climate and weather in Magadan

Næringsliv og transport[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste næringsvegane er skipsbygging og fiske. Byen har ei hamn (fullt seglbar frå mai til desember) og ei lita internasjonal lufthamn, Sokol lufthamn. Den delvis uasfalterte Kolymavegen fører frå Magadan til gullgruveregionen ved dei øvre delane av elva Kolyma og derifrå vidare til Jakutsk, 2 200 km unna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Magadan vart grunnlagt i 1933 av Eduard Berzin, den første leiaren av Dalstroj, for å fungere som hamn for eksporten av gull og andre metall frå gruvene i Kolyma-regionen. Byen voks rask etter kvart som anlegga for den ekspanderande gruveverksemda i området raskt vart utbygt.

I stalintida var Magadan eit viktig transittsenter for fangar som vart sendt til arbeidsleirar. Drifta av Dalstroj, eit stort og brutalt gullgruvekonsern basert på tvangsarbeid, var den viktigaste økonomiske drivkrafta i byen i mange tiår i sovjettida.

I mai 1944 var den amerikanske visepresidenten Henry Wallace på offisielt besøk [1], men han forstod ikkje den sanne naturen til Magadan. Han vart umiddelbart begeistra for verten sin, ein hemmeleg politimann, han beundra handverk utført av fangar og erklærte seinare begeistra byen som «ein kombinasjon av Tennessee Valley Authority og Hudson's Bay Company».[2]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Magadan er særs isolert. Den næraste større byen er Jakutsk, 2 000 km unna via ein veg utan fast dekke, som er best brukt om vinteren, særleg siden det ikkje er noko bru over elva Lena ved Jakutsk (alternativa er ferje frå Nizjnij Bestjakh om sommaren, når resten av vegane kan vere uframkommeleg på grunn av flaum, eller over isen om vinteren).

Dei viktigaste inntektskjeldene for den lokale økonomien er gullutvinning og fiskeri. Gullproduksjonen har nyleg gått tilbake [3] men framtidsutsiktene ser gode ut. Fiskefangsten har auka frå år til år, men ligg framleis godt under dei tildelte kvotane, tydelegvis som eit resultat av ein aldrande flåte.[4] Andre lokale næringsvegar omfattar pasta- og pølsefabrikkar og eit destilleri.[5] Sjølv om jordbruk er vanskeleg på grunn av det strenge klimaet, så finst det mange offentlege og private jordbruksføretak.

Forholda i Magadan har vorte verre sidan 1970-talet, då gullutvinninga medførte høge investeringsnivå og høg sysselsetting. I dei siste åra har mange fabrikkar og gruveverksemder vorte lagt ned, noko som har medført høg arbeidsløyse, alkoholisme og eit kraftig fall i den lokale folkesetnaden.

Vidare har investeringar frå utlandet lide under krangling om eigarskap, trass i særs attraktive prospekt for utvinning av gull, tinn, sølv og kol og ikkje minst førekomstane av olje og naturgass i regionen.

Det harde klimaet og dårleg utbygde infrastrukturen har delvis skulda, men den vanskelege overgangen frå sovjettida har ført til kollaps for mange føretak som har ført til at mange innbyggjarar har reist frå regionen.

Nyleg ser det ut til å ha vore gjort forsøk på å oppmuntre til investeringar frå utlandet, som kunne medføre betre økonomi. Under eit besøk Magadan i november 2005 støtta president Putin utvidinga av spesielle skattefordelar for regionen for å oppmuntre til utvinning av gull.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Romersk-katolsk kyrkje i Magadan

Byen har fleire kulturelle institusjonar, mellom anna Det regionale antropologiske museet, eit geologisk museum, eit regionalt bibliotek og eit universitet. Byen har den enorme nye ortodokse Treeiningskatedralen, ei nyleg fullført romersk-katolsk kyrkje og minnesmerket Sorgmaska, ein enorm skulptur til minne om Stalin sine offer, teikna av Ernst Neizvestnyj.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Magadan er subarktisk. Vintrane er lange og særs kalde, med opp til seks månadar med temperaturar under null, slik at bakken er permanent frosen. Permafrost og tundra dekkjer mesteparten av regionen. Vekstsesongen er på berre hundre dagar. Gjennomsnittstemperaturane ved kysten av Okhotskhavet spenner frå -22 °C i januar til 12 °C i juli. Gjennomsnittstemperaturane i innlandet spenner frå -38 °C i januar til 16 °C i juli.

Kjende personar frå Magadan[endre | endre wikiteksten]

  • Jelena Välbe, langrennsløpar, VM- og OL-meister.
  • Vadim Kozin (1903–1994), ein populær russisk tenor på 1930-talet. Dømd til straffearbeid i Kolyma-leirane i 1944 og vart seinare buande i Magadan til han døydde.
  • Nikolai Getman (1917–2004), ukrainsk kunstnar, er best hugsa for måleria sine med motiv frå Kolyma gulag.

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • McGregor, E & Boorman, C: Long Way Round. Time Warner Books, 2004. ISBN 0-7515-3680-6
  • David J. Nordlander: Origins of a Gulag Capital: Magadan og Stalinist Control in the Early 1930s, Slavic Review, Vol. 57, No. 4 (Winter, 1998), pp. 791-812

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Melding av boka GULAG: A History av Anne Applebaum (Doubleday 2003) Washington Monthly, april 2003
  2. Arnold Beichman: The Wallace case .. National Review, 1. august 1994
  3. Russian gold mine production declined 4 tonnes in 2006 Arkivert 2017-06-20 ved Wayback Machine., Mineweb
  4. New Russisk Fishing Quotas Distribution System, Strategis international market reports Arkivert 2007-12-20 at webarchive.bac-lac.gc.ca Error: ukjent arkiv-URL, 28. august 2004
  5. Magadan Region from Kommersant, Russia's Daily Online, arkivert frå originalen 25. oktober 2007, henta 8. januar 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]