Magnar Estenstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magnar Estenstad (27. september 192413. mai 2004) var ein norsk langrennsløpar og gardbrukar, som i tida 1948 til 1954 vann NM-femmila fem gongar, tremila ein gong og det same med NM-stafetten. Han var både fødd og døydde i Hølonda. Estenstad var medlem av Idrettslaget Leik.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Estenstad gjekk under noregsmeisterskapen 1948 på Lillehammer i mål på tida 3.35,24, med det vann han sitt første NM-gull med vel tre minutts margin til toaren Hallvard Eggset. Året etter vart han noregsmeister på ny på femmila, då han gjekk eit lite minutt fortare enn sølvvinnaren Kåre Tømte. Også i 1950-sesongen gjekk Estenstad til topps i eit NM-renn, han vann då tremila på femti sekund betre tid enn Edvin Landsem.

Estenstad vann bronsemedaljen på 50 km i vinter-OL i Oslo i 1952. Han gjekk også på laget som vann sølvmedaljane på 4x10 km stafett; saman med Mikal Kirkholt, Martin Stokken og Hallgeir Brenden). Same året vann han 50 km i Holmenkollen og NM-femmila på Eidsvoll. For desse bragdene fekk han året etter Holmenkollmedaljen.

I 1953 vann Estenstad to medaljar under noregsmeisterskapen på ski. Håkon Brusveen vann tremila med 45 sekund til gode på sølvmannen Estenstad, medan Estenstad så vart noregsmeister på 50-kilometeren, knappe tre minutt føre ein annan femmilsslukar, Martin Stokken. I VM-sesongen 1954 vann Estenstad NM-femmila for femte gong. Med tida 3.01,25 var han høvesvis over fire og fem minutt føre dei to andre medaljevinnarane, Landsem og Stokken. Han var så med på Leiks tremannslag som vann den aller første tevlinga over 3x10 km stafett i NM-regi. Seinare i sesongen gjekk han NM-tremila 1954 på Kongsvinger. Estenstad leia klart då ha kort føre mål fall og pådrog seg eit alvorleg beinbrot. Han la deretter opp som langrennar.

Medaljar og besteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

I internasjonale meisterskap og renn:

  • 1950: Nr 7 på 50 km under VM i Lake Placid
  • 1952: Bronsemedalje på 50 km OL i Oslo, sølv på 4x10 km stafett. Vinnar av 50 km og nr 2 på 18 km Holmenkollen (topp deltaking berre frå Noreg)

I noregsmeisterskap:

  • 1948: Gullmedalje på 50 km på Lillehammer
  • 1949: Gullmedalje på 50 km
  • 1950: Gullmedalje på 30 km
  • 1951: Nr 6 på 30 km i Narvik
  • 1952: Gullmedalje på 50 km på Eidsvoll
  • 1953: Gullmedalje på 50 km og sølvmedalje på 30 km
  • 1954: Gullmedalje på 50 km i Strinda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]