Mandearar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mandearane er ei gnostisk forsamling med om lag 70 000 utøvarar spreidde omkring i verda, i hovudsak har dei hatt tilhald i Irak og søre Iran. Mandearane reknar seg som etterkommarar av tilhengjarane til Johannes døyparen.

Lære[endre | endre wikiteksten]

Mandearane har ei rad heilage bøker som vart nedskrivne på 600-talet på austarameisk, ei syrisk dialekt. Bøkene fortel om ein frelsar, Manda d'Hayye som vart send til jorda av Lyskongen for gje menneska den innsikta, eller gnostis, som kan fri sjela frå fangenskap i materien og leie ho attende til opphavet – den himmelske lysverda.

Mandearane si tankeverd skal ha fellespunkt med somme av dei karakteristiske ideane i Johannesevangeliet. Mandeanisme er ein gnostisk religion med element frå jødedom, kristendom og persiske og babylonske religionar. Det er ein monoteistisk religion med eit dualistisk verdsbilete. Dei reknar Adam, Noah og Johannes døyparen som profetar, men ikkje Abraham, Moses, Jesus Kristus eller Muhammed. Dei meiner Jesus forleia menneska til å forlate Johannes.

Det viktigaste sakramentet er dåpen som skjer ved nedsenking i rennande vatn. Dei vert døypte på nytt kvar gong dei har vorte kultisk ureine. I Irak, der dei fleste mandearane har hatt tilhald, har dåpen skjedd i Tigris, som dei rituelt kallar for Jordan. Elvane som har sine kjelder i dei kurdiske fjellområda reknast symbolsk å springe ut frå den himmelske lysverda. Som ein gnostisk religion er mandeanismen utprega dualistisk; motsatsar som godt–ondt, lys–mørker, sjel–materie er derfor viktige. Religionen har forbod mot drap, sjølvmord, å stele, å ljuge, ekteskapsbrot, skilsmål, vald, å nyte alkohol eller narkotika, omskjering, tatoveringar eller piercing, og dessutan eit forbod mot å sørgje over dei døde. Religionen er strengt pasifistisk.

Prestane leier dåpsseremoniane og andre seremoniar som det heilage måltidet med utdeling av brød og vatn, handspålegging og omfattande gravferdsritual.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jesu tid var det fleire synkretistiske døyparsekter som heldt til ved Jordanelva.

Johannes døyparen kan reknast som grunnleggar av religionen, i den forstand at mandearane skal vere ætlingar av Johannes sine disiplar. Etter den store jødiske oppstanden under Bar-Kochba 132 – 135 vart dei som jødane fordrivne til Babylon. Mandearane tok med seg den løynde læra dei sa dei hadde etter døyparen Johannes.

Mani reknast òg som ein grunnleggjar, men han skal ha brote med den sanne læra då han utvikla ho vidare til manikeismen.

Under islam har dei hatt skiftande tilhøve, men mandearane har ikkje, som jødar og kristne, vore rekna blant skriftfolket. Derfor har dei ikkje rett til eigne skolar, ekteskapa deira er ikkje godkjende og barna deira vert rekna som fødde utanfor ekteskap. Til tider har dei hatt ein noko betre stilling, sidan dei har vore rekna som ætlingar til dei mytiske sabéerane, som er omtalte i Koranen og islamsk litteratur.

Mandearane i Irak[endre | endre wikiteksten]

Mandearane har frå gammalt budd i spreidde smågrupper langs Eufrat, Tigris og Shatt al-Arab og i Bagdad og Basra. I løpet av det siste hundreåret har fleire flytta til storbyane. Mange av dei har der komme til velstand, blant anna ved arbeid i gullsmedbransjen. Under Saddam Hussein hadde mandearane eit visst vern. I 2003 var det i følgje UNHCR — FNs høgkommisjonær for flyktningar — 30 000 mandearar i Irak, mandeiske organisasjonar opererer med vesentleg høgre tal.

Etter Irakkrigen har mandearane vore forfølgde av ytterleggåande islamistar. Mange har vore utsette for tvungen konvertering til islam, og dei har vore utsette for drap og kidnapping med sikte på pengeutpressing. Over 80 % av dei irakiske mandearane skal ha flykta til utlandet, og i 2009 er det neppe meir enn 5 000 mandearar att i Irak. Dei fleste held til i Sør-Irak, eit lite miljø av mandeiske sølvsmedfamiliar held enno til i Bagdad. Den gamle religionen og etniske minoriteten står derfor i fare for å døy ut i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]