Marias lovsong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herleggjeringa av Maria (Sandro Botticelli)

Marias lovsong er lovsongen Maria Møy kvad då ho vitja syskenbornet sitt, Elisabet, på Maria bodskapsdag (eller Maria besøksdag), i fylgje Evangeliet etter Lukas. Den latinske hymna vert innleia med orda Magnificat anima mea Dominum (Luk. 1,46), derav namnet Magnificat.

I studentmaallaget si bibelumsetjing frå 1921 er lovsongen gjengjeven slik:

«Mi sjæl høglovar Herren
Mitt hjarta gleder seg i Gud, min Frelsar!
Han tenkte paa si ringe tenestekvinna!
For ifraa denne stund
Skal alle ætter kalla meg for sæl.
Stort er det han for meg hev gjort den Megtige,
Og heilagt er hans namn;
Fraa ætt til ætt hans miskunn naar
Mot deim som ottast honom.
Velduge verk so gjer hans sterke arm;
Storlaatne spreider han for ver og vind
Med deira høgferds-hug;
Han støyter hovdingar fraa høgsæte
Og lyfter laage upp;
Hungrige mettar han med gode gaavor,
Og rikingar rek han tomhendte burt.
Han sytte vel for Israel, sin svein;
Til evig tid han minnast vil -
So var hans ord til federn' vaare -
Si miskunn mot Abraham og hans ætt.»

I liturgien er Marias lovsong eit høgdepunkt i tidebøna på kvelden; Vesper (aftansong).

Kristendommen
Icthys-symbolet
Skrifter

Bibelen: GT/NT
katekisme | salmebok

Utøving

Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat  | sakrament
Bøner: «Fader vår» | «Hill deg, Maria» | Jesusbøna

Magnificat i musikken[endre | endre wikiteksten]

Magnificat i tidebok, Musée Condé, Chantilly

Sidan 1400-talet har Magnificat ofte vore skrive som ein fleirstemmig komposisjon for kor eller orgel.

Mange komponistar har skrive musikk til Magnificat, mellom anna Ludwig Senfl, Orlando di Lasso, Giovanni Pierluigi da Palestrina, Christóbal de Morales, Heinrich Schütz og Johann Sebastian Bach.