Mars Pathfinder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sojurnder like etter at han har køyrt av nedstigningsrampa på Mars Pathfinder.
Panorama frå Mars Pathfinder.
På dette biletet frå MRO kan ein sjå landingsstaden og ulike delar (fallskjerm, bakskjold og varmeskjold) frå ferda i tillegg til Mars Pathfinder sjølv.

Mars Pathfinder var ein marslandar operert av NASA. Han blei skote opp om bord på ein Delta II-rakett den 4. desember 1996 som ein del av Discovery-programmet og bestod av ein landar og ein mobil marsrover kalla Sojourner. Etter ei reise på sju månader landa sondane i dalen Ares Vallis i ein region kalla Chryse PlanitiaMars den 4. juli 1997. Landinga var den første på Mars sidan Viking-sondane landa i 1976.

Landinga og landingsstad[endre | endre wikiteksten]

Mars Pathfinder nytta seg av ein innovativ landingsmåte som bestod av ein entringskapsel og ein supersonisk fallskjerm følgt opp av rakettar og store luftputer som gjorde landinga mjuk.

Landingsstaden var ei gammal slette som tidlegare i marshistoria har vore overflauma. Sletta er blant dei mest steinete plassane på Mars men blei vald fordi ho likevel var relativt trygg å landa på og fordi ho inneheld eit stort utval av steinar avsette under ein mogleg storflaum. Etter ei trygg landing blei landingsstaden uoffisielt namnsett The Carl Sagan Memorial Station til ære for astronomen Carl Sagan som var eit stort namn innanfor romsondar.

Resultata[endre | endre wikiteksten]

Landaren sende data til og frå roveren trådlaust slik at roveren kunne operera uavhengig landaren. Roveren sin mobilitet gjorde at ein på nært hald kunne undersøka fleire steinar og marsjordprøver enn med berre ein immobil landar.

Frå landinga den 4. juli 1997 til den siste dataoverføringa den 27. september 1997 hadde Mars Pathfinder returnert 16 500 bilete frå seg sjølv og 550 frå roveren i tillegg til meir enn 15 kjemiske analysar av steinar og marsjord og ekstensive datasett om vind og andre meteorologiske målingar. Undersøkingar av dataa sende tilbake til jorda viste at Mars ein gong før i tida var varm og våt med vatn i flytande tilstand på overflata, og at planeten hadde ein tjukkare atmosfære enn det han har no.

Landaren og roveren opererte mykje lengre på marsoverflata enn det som opphavleg var tenkt, men kontakten med landaren blei mista på marsdag (sol) 83. Landaren sitt sølv-sink-batteri kunne berre ta imot opplading omtrent 40 gongar, og som ein konsekvens av dette kunne ikkje batteria etter omtrent 40 marsdagar lenger halda landaren varm om natta. Den eksakte årsaka til at landaren ikkje lenger gav lyd frå seg er ikkje sikker, men det var sannsynlegvis elektronikken, som etter å ha vorte utsett for dei særs kalde nattetemperaturane på Mars i den siste fasen av ferda, svikta. Etter 92 marsdagar ville automatiske sikringsprosedyrar om bord på roveren ha fått han til å sirkla rundt landaren medan han forsøkte å få att kontakten med landaren. Denne oppførselen ville ha fortsett til roveren ikkje lenger fungerte. NASA sitt siste forsøk på å få kontakt med Pathfinder blei gjort 10. mars 1998.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mars Pathfinder

Kjelde[endre | endre wikiteksten]