Marton på New Zealand

Koordinatar: 40°04′S 175°23′E / 40.067°S 175.383°E / -40.067; 175.383
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marton
Land  New Zealand
Region Manawatu-Wanganui
Distrikt Rangitikei District
Areal 4 538 km²
Folketal 4 680
Grunnlagd 1866
Kart
Marton på New Zealand
40°04′09″S 175°22′42″E / 40.069166666667°S 175.37833333333°E / -40.069166666667; 175.37833333333
Wikimedia Commons: Marton, New Zealand

Marton er ein by i Rangitikei-distriktet i regionen Manawatu-WanganuiNordøyaNew Zealand. Han ligg 35 km søraust for Wanganui og 40 km nordvest for Palmerston North. Folketalet var 4 680 ved folketeljinga i 2006.

Byen har alltid vore ein tenestestad for det grøderike jordbruksområdet Manawatu Plains. Smør, ull og mjøl har vore viktige produkt. Då jarnvegen kom i 1878 førte det med seg snøgg vokster i området, og nye verksemder, som tekniske verksemder, sagbruk og tekstilindustri gav sine bidrag til økonomien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rangitikei District Council.

Marton er den største byen i Rangitikei District, og starta som ein privat busetnad i 1866, då seksjonar til forretningar og bustadar vart selde på auksjon av lokale grunneigarar.

I tre år heitte den vesle busetnaden Tutaenui, etter ei lita elv som rann tvers gjennom han. I 1869 endra innbyggjarane namnet til Marton til ære for heimbyen til kaptein James Cook i Yorkshire, og for å markera at han gjekk i land på New Zealand nøyaktig 100 år tidlegare. Ein veit ikkje sikkert om namnebytet var påverka av at Tutaenui er eit maorinamn samansett av tutae (som tyder 'gjødselhaug') og nui (som tyder 'stor').[1]

Heilt frå dei første åra var Marton eit ideelt forsyningssenter for bøndene i distriktet, som byrja å flytta hit tidleg på 1850-talet. Frå smør- og ullproduksjon gjekk dei over til å dyrka kveite i 1863, og store avlingar gjorde at tre møller vart sette opp i området alt året etter.

Etter at sjølve byen vart grunnlagd i 1866, kom det snart i gang butikkar, to hotell og fleire smier. Marton vart eit senter for hesteindustri, sal-, hjul- og vognmakarar og leigestallar tevla i marknaden, medan avlshingstar av Clydesdale- og Suffolk Punch-rase vart førte kring i distriktet for å byggja opp stammen av arbeidshestar som trongst etter kvart som nye gardsbruk kom til.

Opninga av jarnvegen som batt saman Wanganui med Palmerston North i 1878, (no ein del av North Island Main Trunk Railway som går mellom Palmerston North og Auckland) og Marton - New Plymouth-linja til Wanganui, gjorde Marton til eit blømande jarnvegsknutepunkt, og byen heldt denne posisjonen dei neste 100 åra.

Tømmer frå skogane i Rangitikei forsynte dei to sagbruka i byen, det første vart oppretta i 1889.

Marton var fødebyen til den kjende newzealandske ornitologen Launcelot Eric Richdale (1900-1983).

Industri[endre | endre wikiteksten]

Industrien utvikla seg i byrjinga gradvis i Marton, og starta med mølledrift, teglverk og ullpresser. Sist på 1950-talet var det ei imponerande mengde handverksverksemder og fabrikkar her. Dei framstilte så ulike produkt som herreskjorter, verneutstyr til traktorar, mineralvatn, grønsakssalatar, ferdigblanda sement, hageheller, hundekjeks, strikkevarer, tørka erter, elektroniske bensinpumper og maskinar til grønsaksdyrking.

Ni km frå Marton låg det store psykiatriske sjukehuset Lake Alice Hospital som vart opna i 1950 og lagt ned i 1999. Tilsette i dei nye verksemdene, i sjukehuset og aukande aktivitet i jarnvegs- og postverksemdene førte til ein stadig auke i folketalet, og handelssentera voks for å møta denne auken.

I dei seinare åra har utviklinga stilna av, som i så mange andre samfunn på New Zealand. I den aller siste tida har likevel tilflyttarar frå dei større byane oppdaga gleder for føremonar med å bu i ein mindre travel og likevel attraktiv småby som Marton, som har alle etterspurde instansar, som lokale skular, kjøpesenter og høve til ulike slag sport og andre fritidsaktivitetar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ngata dictionary — Learning Media

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

40°04′S 175°23′E / 40.067°S 175.383°E / -40.067; 175.383