Marvin Halleraker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marvin Halleraker
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. november 1962 (61 år)
Stavanger kommune
Yrke illustratør, musikar, skribent
Språk norsk
Nettstad http://www.marvin.no

Marvin Sigve Halleraker (fødd 28. november 1962) er ein norsk kunstnar, kjend som avisteiknar og illustratør. Halleraker vart fødd i Stavanger, men voks opp i Sandane og i Bergen.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Marvin Halleraker er utdanna ved Bergen Kunsthøgskole (BKHS) der han studerte frå 1981 til 1985. Han har arbeid som avisteiknar for Bergens Tidende og seinare Vårt Land. Han har illustrert fleire bøker og debuterte som forfattar med si eiga biletbok Høyt over husene i 2007. Halleraker har også arbeidd med måleri og fotografi.

Teiknestilen hans er kjenneteikna av ein sikker og ledig blyantstrek, jamne fargeflater i dempa fargeskala og eit grafisk uttrykk. Han arbeider vidare med frihandsteikningane sine i digitale teikneprogram, som Photoshop. Motiva er ofte enkle og visuelt poengterte.

Marvin Halleraker bur på Skjold utanfor Bergen med kone og fire barn.

Bokutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2007: Høyt over husene - billedbok med egen tekst

Bokillustrasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1993: Åse Enerstvedt (red.): Lillegrieg : en juniorkatalog til utstillingen Din Grieg
  • 1999: Anders Aschim: Hemmeligheten i hulen : en fortelling om Dødehavsrullen - fagbok for barn og unge
  • 2001: Trine Aulin Halleraker: Kvelden lister seg på på tå : tekster ved dagens slutt og livets begynnelse
  • 2003: Henry Van Dyke: Den fjerde vismann
  • 2003: Linda Eide: Kvardagstraume i utval
  • 2004: Rolf Steffensen: I Guds hånd
  • 2004: Frode Grytten: Hull & sønn
  • 2005: Erna Osland: Skarpe tenner - fagbok for barn og unge
  • 2006: Erna Osland: Fint å ha far - fagbok for barn og unge

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]