Mary Lou Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mary Lou Williams ca. 1946

Mary Lou Williams (fødd Mary Alfrieda Scruggs) (fødd 8. mai 1910 i Atlanta, Georgia, død 28. mai 1981 i Durham North Carolina), var ein amerikansk jazzpianist, komponist og arrangør. Ho var ei viktig føregangskvinne i arbeidet for likeverd mellom kjønna innom jazzmusikken[1] og var «den einaste stride-pianisten som lik Ellington stadig moderniserte stilen og til sist orienterte seg mot moderne harmonikk[2]

Pianist og komponist[endre | endre wikiteksten]

Som pianist forbløffa ho med eit kraftig anslag og uthaldande spel; kritikarar som Hugues Panassié konstaterte at ho spelte «som ein mann.»[3] Tidleg i karriera var ho influert av Fats Waller, Earl Hines og Art Tatum, men tok opp utviklinga frå ragtime til post-bop i den meisterlege stilen sin. Det som karakteriserte ho frå start til slutt var ei smittande swingkjensle.[4]

Til saman skreiv Mary Lou Williams over 350 songar og lengre komposisjonar, og ei lang rekke kjente jazzmusikarar spelte stykka hennar. Døme er Jimmy Lunceford («What’s Your Story, Morning Glory»), Louis Armstrong («Cloudy», «Messa Stomp», «A Mellow Bit of Rhythm», «Walkin' and Swingin»), Cab Calloway, Bob Crosby («Ghost of Love», «Toadie Toodle»), Tommy Dorsey («Little Joe from Chicago»), Ella Fitzgerald («What’s Your Story, Morning Glory»), Dizzy Gillespie («In the Land of Oobladee»), Honi Gordon («Why», «Walkin' Out the Door»), Earl Hines, Nat King Cole («Little Joe from Chicago», «Satchel Mouth Baby»), Casa Loma Orchestra («What’s Your Story, Morning Glory», «Walkin' and Swingin'»), Red Norvo («Messa Stomp», «A Mellow Bit of Rhythm») og Sarah Vaughan («Black Coffee»).[5]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I fleire tiår blei Williams rekna «som den største kvinnelege jazzmusikaren».[2] Martin Kunzler slo fast «at før Carla Bley og Toshiko Akiyoshi har inga anna kvinne i jazzen hatt ein så sentral posisjon som pianisten – og i enno høgare grad komponisten og arrangøren – Mary Lou Williams.»[6]

Først mot slutten av livet sitt opplevde ho at det viktige bidraget hennar til jazzmusikken blei æra av det jamne publikum – blant musikarar hadde ho vore ei legenda allereie frå swing-perioden på 1930-talet.[7]

Duke Ellington sa at Mary Lou Williams var evig aktuell.[8]

Om seg sjølv sa ho:

«Ingen kan putte meg i ein stilbås. Eg har lært av mange menneske. Eg endrar meg heile tida. Eg eksperimenterer for å halde meg oppdatert, å høyre kva dei andre gjer. Eg prøver til og med å halde meg eit lite steg framom slik at eg lik ein spegel kan vise dei kva som snart kjem til å hende.»[9]

Count Basie følte berre konkurranse.[10] Saksofonisten Buddy Tate sa i et intervju i dokumentarfilmen Music on My Mind: «Ho spela så alle desse mennene blei smågutar. Ho visste det ikkje sjølv, men dei visste det.»[11]

Livet til Mary Lou Williams er dokumentert i Joanne Burke sin film Music on My Mind (1989). I 1994 blei ho æra i dokumentarfilmen «A Great Day in Harlem». Kennedy Center i Washington D.C. har ein årleg jazzfestival for kvinner med namnet Mary Lou Williams Women in Jazz Festival. Legatet Mary Lou Williams Foundation som blei bygd opp av formuen hennar går til å støtte unge musikarar frå seks til tolv år.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Helmut Weihsmann Frauen im Jazz, Radio Orange 94.0 (29. mai 2009)
  2. 2,0 2,1 Wolf Kampmann Reclams Jazzlexikon. Stuttgart 2003, s. 556
  3. H. Panassié, Le Jazz Hot, sitert etter Dahl s. 77, jfr. også Dahl s. 44 og 88.
  4. Kunzler, Jazzlexikon, s. 1291 f.
  5. som etter Leonard Feather si meining er ein variant av den tidlegare «What’s Your Story, Morning Glory»; jfr. Feather/Gitler s. 698.
  6. Kunzler Jazz-Lexikon, s. 1291
  7. Jfr. Down Beat 10. april 1955, jfr. Dahl s. 246
  8. «perpetually contemporary», sitert etter Mary Lou Williams-biografiAll About Jazz
  9. «No one can put a style on me. I've learned from many people. I change all the time. I experiment to keep up with what is going on, to hear what everybody else is doing. I even keep a little ahead of them, like a mirror that shows what will happen next» etter Mary Lou Williams-biografiAll About Jazz
  10. «Anytime she was in the neighborhood I used to find myself another little territory, because Mary Lou was tearin' everybody up», sitert i Mary Lou Williams-biografien på All About Jazz
  11. «She was outplaying all those men. She didn’t think so but they thought so.» sitert etter All About Jazz

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Linda Dahl: Morning Glory: A Biography of Mary Lou Williams. University of California Press, Berkeley 1999
  • Leonard Feather og Ira Gitler, The Biographical Encyclopedia of Jazz. Oxford/New York 1999, ISBN 978-0-19-532000-8
  • Tammy L. Kernodle: Soul on Soul: The Life and Music of Mary Lou Williams. 2004
  • Martin Kunzler: Jazzlexikon. Band 2. Rowohlt, Reinbek 2002 (2. opplag), ISBN 3-499-16513-9
  • Len Lyons: The great Jazz Pianists. Da Capo, 1983, s.67 (intervju fra 1977)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mary Lou Williams